Semesters

DKL112N Læringsdesign for framtidas læringsarbeid

Emnekode: 
DKL112N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Rapporteringsprogram: 
Digital kompetanse i læring, opne emne
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Utbreiing av Internett og digitale verkty har bidrege til at skrifta ikkje har ein like dominerande posisjon som tidlegare.  Digitale medier og verkty er gjennomgripande i dagens samfunn. Læringsmiljøet og praksis må gjenspegle det samfunnet det er i og lærarar må kunne rettleie elevane i bruk av teknologi i læring. Dette gjev spennande utfordringar til praksis og planlegging av læringsopplevingar. Læringsdesign fokuserer på planlegging, utforming og bruk av læreprosessar som involverer teknologi. DKL112N har fokus på utvikling av eigen yrkespraksis. Emnet tek utgangspunkt i det daglege virket til pedagogen og har ei praktisk tilnærming til undervisningsplanlegging, anten for den vidaregåande skulen, for ungdomskulen, barneskulen eller barnehagen. Studenten planlegg undervisning for sine elevgrupper. Didaktisk arbeid med digitale verkty og ressursar utgjer ein naturleg del av læringsprosessen til dagens born.  Studentane får opplæring og erfaringspraksis i planlegging og utforming av undervisning med digitale verkty, og kunnskap om ulike metodar, læringsressursar og verkty for ulike typar læringsaktivitet og kurs.Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit halvårsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskap om læringsdesign i teknologitette miljø
  • har kjennskap til ulike digitale planleggingsmetodar
  • har kjennskap til ulike digitale læringsmetodar
  • har kjennskap til ulike digitale vurderingsmetodar
  • har kunnskap om leiing i teknologitette læringsmiljø
  • er kjend med, og har forståing for, forskning og utvikling innan feltet læring- og instruksjonsvideodesign
  • har kunnskap om designtenkning og forholdet til problemløysning og læring
  • har grunnleggande kunnskap om prosessar i læringsdesign og modellering av læringsdesign
  • har grunnleggjande kunnskap om  born og unge sin mediekultur 
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan reflektere over eigen praksis og justere den under rettleiing
  • kan ta i bruk kunnskap og relevante resultater frå forskningsarbeid i praktiske og teoretiske oppgåver og gjere velbegrunna val
  • kan lage og bruke eit læringsdesign til bruk i ein læringssamanheng
  • kan evaluere og vurdere læringsdesign
  • kan reflektere over eigen praksis og læringsprogresjon
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysningar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • viser kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Jon Harman
Studieavgift

Kr. 4000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
Digital kompetanse i læring, nettstudium 4x15, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterStudenten vel ut til elektronisk mappevurdering for levering i Fronter:
a) Eitt oppgåvesvar frå arbeidskrav a. Avhengig av kva for oppgåvesvar som vert levert, skal omfanget vere mellom 1500 - 3000 ord, i tillegg til eventuelt lyd/bilete/video-materiale som oppgåveformuleringa krev.
b) Tre av innlegga frå arbeidskrav b. samt ein kommentar til ein medstudent sitt innlegg i sin studieblogg. Innlegga skal vere samla i eitt dokument.
c) Ei grunngjeving (utvalsrefleksjon) for utvalet (mellom 1200 - 2000 ord). Elementa blir vurdert samla med vekt på utvalsrefleksjon.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Studenten vel ut til elektronisk mappevurdering for levering i Fronter:
a) Eitt oppgåvesvar frå arbeidskrav a. Avhengig av kva for oppgåvesvar som vert levert, skal omfanget vere mellom 1500 - 3000 ord, i tillegg til eventuelt lyd/bilete/video-materiale som oppgåveformuleringa krev.
b) Tre av innlegga frå arbeidskrav b. samt ein kommentar til ein medstudent sitt innlegg i sin studieblogg. Innlegga skal vere samla i eitt dokument.
c) Ei grunngjeving (utvalsrefleksjon) for utvalet (mellom 1200 - 2000 ord). Elementa blir vurdert samla med vekt på utvalsrefleksjon.
Hjelpemidler:
Omfang: