Digitale læringsformer

Digital teknologi aukar handlingsrommet i undervisninga og gjer det muleg å variere læringsaktivitetane og vurderingsformene, aktivisere studentane og skape samhandling på nye måtar.

Støttemiljøet for e-læring vil vere ein samtalepartnar når fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda tar i bruk digital teknologi i undervisninga. Vi drøftar gjerne didaktiske spørsmål som kva arbeids- og vurderingsformer som kan bidra til at studentane får gode læringserfaringar. Vi hjelper også med teknisk tilrettelegging av ulikt slag som filmopptak, strøyming, nettmøter og bruk av ulike digitale verktøy.

Vi vil medverke til at studentane opplever å få kvalitativt god undervisning og til å gjere eit fleksibelt utdanningstilbod relevant for nye studentgrupper.

 


 

 

Ta kontakt med oss om du vil drøfte korleis bruke digital teknologi i undervisninga! 

beta@hivolda.no