Vanlege spørsmål til EndNote Online


Redigeringsfunksjonen i EndNote Online verkar ikkje
Forfattarnamnet vert vist med initialar eller fornamn i siteringa
Det er ein institusjon/korporasjon som er forfattar
Teksten vert ikkje formatert slik den skal, men inneheld { } og # nr. i staden for ( )
Oppdater kopling mellom Endnote og Word
Dei norske APA-stilane i Word kjem ikkje opp

Redigeringsfunksjonen i EndNote Online verkar ikkje

Redigeringsfunksjonen i EndNote Online fungerer førebels ikkje med Internet Explorer 11. Du kan løyse problemet ved å køyre nettstaden myendnoteweb.com i kompatibilitetsmodus (Verktøy - Kompatibilitetsvisning). Eit anna alternativ er å nytte Firefox som nettlesar.

Forfattarnamnet vert vist med initialar eller fornamn i siteringa, sjølv om det berre skal vere  med etternamn i APA

APA tek med initialar på forfattarar som har same etternamn. Dersom ein har registrert same forfattar på ulik måte i biblioteket, trur EndNote dette gjeld fleire personar. Rett forfattarnamnet slik at det er eintydig i EndNote-biblioteket. Hugs at du etterpå må klikke på knappen for «Update citations and bibliography» i Word.

Det er ein institusjon/korporasjon som er forfattar

Når du skal registrere ein institusjon/korporasjon som forfattar, må du setje inn eit komma etter namnet. Dette må gjerast fordi all tekst framfor komma vert tolka som eit etternamn i EndNote.

Døme: 

Høgskulen i Volda,
Statens institutt for rusmiddelforskning,

Dersom institusjons- eller korporasjonsnamnet inneheld eit komma i sjølve namnet, må du skrive inn to komma på måten som er vist nedanfor:

Høgskulen i Volda,, Avdeling for kulturfag

Nokre gonger greier ikkje EndNote å tolke institusjonsnamnet rett, uansett kor mange komma du set inn. Løysinga blir då å rette opp namnet manuelt heilt til slutt, når du har laga ein kopi av dokumentet utan EndNote feltkodar.

Døme på institusjons-/korporasjonsnamn som ikkje vert takla av EndNote:

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Løysinga her blir å registrere namnet utan komma, og så går du inn og rettar det opp heilt til slutt i den kopien du har lagra utan EndNote-kodar.

Teksten vert ikkje formatert slik den skal, men inneheld { } og # nr. i staden for ( )

Då er det den automatiske formateringa som har skrudd seg av. Dette kan du rette frå Word. 
Word 2010: Vel "Update citations and bibliography" frå EndNote-fanen.

Oppdater kopling mellom EndNote og Word

Ta regelmessig "Convert citations and bibliography - Convert to unformatted citations" av Worddokumentet, og etterpå "Update citations and bibliography". Dette bør du gjere for at koplinga mellom EndNote og Word skal vere oppdatert. Dersom det har vore gjort for mange endringar i Word, kan det føre til problem og "kræsj".

Dei norske APA-stilane i Word kjem ikkje opp

Sannsynlegvis har du mista «Roaming access» til EndNote.  Klikk på fanen  «Options» og deretter på «Account information». Dersom du har mista tilgangen, vil det stå der med raud skrift. Då har du ikkje lenger tilgang via HVO og hamnar i gratisversjonen, som mellom anna manglar dei norske stilane. Du får tilbake «Roaming access» ved å logge på EndNote via HVO-nettet. Det kan du gjere når du er på campus, eller via fjerntilgang. Hugs for framtida å logge deg på EndNote via HVO-nettet minst ein gong i året. Då mister du ikkje «Roaming acess» fleire gonger.