Utdanningsdagen - Design, kunst og handverk
Oppmøte: Henrik Kaarstad-huset, ved verkstadane
Design, kunst og handverk er eit allmenndannande fag, der kunnskap vert utvikla gjennom praktisk skapande handling og kritisk refleksjon.
Hovudaktiviteten hos oss er praktisk skapande arbeid på godt utstyrte verkstader. Du får arbeide med designprosessar i tre, leire og tekstil, visuell kommunikasjon, bilde, samtidskunst og entreprenørskap. I tillegg lærer du om kunst og formuttrykk frå ulike tidsepokar, og får grunnlag for å kunne delta i aktuell debatt om kultur, skule og estetikk. Vi tilbyr årseining (60 stp) og bachelor (180 stp) som gir grunnlag for arbeid i skuleverket, kulturskulen, ulike formidlingsarenar, ulike stillingar innan kultursektoren og entreprenøriell virksomheit.
Under Utdanningsdagen vil du få informasjon om våre studium og møte studentar i verkstaden.