Utdanningsdagen - PR, kommunikasjon og media
Vil du lære å lage bodskap som faktisk får folk til å stoppe opp? På PR, kommunikasjon og medie-utdanninga lærer du å bruke moderne medium til å skape engasjement og bygge relasjonar. Denne reklamefilmen om studentlivet i Volda er laga av våre eigne studentar – ein smakebit på det du kan få jobbe med!
Oppmøte: Sivert Aarflot-huset (mediebygget), Store Aarflot (SAA257)
Vil du ta ein utdanning som lærer deg om sosiale medium, digitale kampanjar og korleis ein kan påverke gjennom kommunikasjon? Då er PR, kommunikasjon og Media ein bachelor for deg!
Når du besøker oss på utdanningsdagen får du ein introduksjon til bacheloren PR, kommunikasjon og media, og eit innblikk i kvardagen som student ved Høgskulen.
Utdanninga gir deg uendeleg med mogelegheiter som kommunikasjonsrådgjevar, presseansvarleg, programleiar, innhaldsprodusent, digital rådgjevar, kommunikasjonssjef, SoMe-sjef, marknadsføring eller til dømes webredaktør.
Vi er fire studentar som gler oss til å møte dykk og fortelje dykk om denne bacheloren og alle mogelegheitene som følgjer med. De vil høyre frå noverande og tidlegare PR, kommunikasjon og media-studentar i Volda. Vi har eit veldig spennande program planlagt for dykk, og sjølvsagt nokre overraskingar på lur!