Utdanningsdagen - Historie
Oppmøte: Hans Strøm-huset, Selskapet (HS101)
Historie handlar om å studere årsakene til at den verda vi lever i er slik ho er.
Ved å nytte arkeologiske, skriftlege og munnlege kjelder, studerer historikarane utvikling og endring over tid, og prøver å forklare denne. Kvifor fann jordbruksrevolusjonen stad akkurat i Midt-Austen for kring 12 000 år sidan? Kvifor hende den industrielle revolusjonen i Storbritannia i andre halvdel av 1700-talet? Kvifor fekk dei skandinaviske landa ein universell velferdsstat etter andre verdskrig?
Gjennom å stille og svare på slike spørsmål siktar historiestudiet mot å gi forståing av korleis folk sine levekår har endra seg gjennom historia. Djupast sett handlar historiefaget såleis om å forstå kven vi er, og korleis vi har vorte slik. Det handlar om store strukturar som klima, statsvekst, grøde og handel, men også om einskilde menneske og deira historier.
Studium i historie kvalifiserer for ulike former for formidlings- og kulturarbeid og internasjonalt arbeid. Vel du dette fagområdet vil du få informasjon om studiemodellen og vere til stades på førelesingar med tema frå ulike epokar av vår historie.