Utdanningsdagane - Design, kunst og handverk

Design, kunst og handverk er eit allmenndannande fag, der kunnskap vert utvikla gjennom praktisk og estetisk skapande handling og kritisk refleksjon.

Hovudaktiviteten i alle studia våre er prakstisk arbeid på godt utstyrte verkstader. Du får arbeide med design i tre, leire og tekstil, visuell kommunikasjon, kunst, skaping og formidling, entreprenørskap. I tillegg skal du få kunnskap om kunst og formuttrykk frå ulike tidsepokar, og stimulere til engasjement i aktuell debatt om kultur og estetikk. Vi tilbyr årseining (60 stp) og bachelor (180 stp) som kvalifiserer deg til arbeid i skuleverket og i kulturskulen.

Under Utdanningsdagane vil de få informasjon om våre studium og møte studentar i praktisk arbeid.

Les meir om Bachelorgraden
Sjekk facebook sida eller instagram