Utdanningsdagane - Barnehagelærar

Her skal du møte

BK 158

Barnehagen – arena for omsorg, leik, læring og danning.

Dyktige og engasjerte barnehagelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet. Barnehagelærarutdanninga kvalifiserer til arbeid som pedagogisk leiar og styrar i barnehagar.

Barnehagen er ein viktig arena for omsorg og leik, læring og danning; her tek borna sin personlegdom og verdiar form. Barnehagelæraren skal ha fagleg kunnskap til å ta vare på både barnegruppa og det enkelte barnet. Tek du barnehagelærarutdanninga, har du også teke eit val om å bli leiar. Som barnehagelærar skal du leie personal- og barnegrupper som skal bli sett og følgt opp. 

Å være barnehagelærar er eit stort og meiningsfullt ansvar, med ein kvardag der du får brukt deg sjølv og evnene dine på å rettleie barn på ein positiv måte. 

I vår presentasjon av barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda vil du få høyre meir om studiemodellen, undervisninga, studieturar, internasjonalt semester, praksis med meir. Du møter rådgjevar Hanne Elin Harnes og student i 2. år heiltid Dorcas Mukulu.

Vel møtt!

Kaja Moa fortel om sin arbeidskvardag

Lenkje til bachelor barnehagelærar