Mediedesign

Er du kreativ, engasjert og vil jobbe i framtidas mediebransje?

Som student på Mediedesign jobbar du med å designe brukarorienterte visuelle og interaktive produkt som kombinerer tekst, lyd, bilde og video.

Hos oss vil du møte faglærarar og nokre av våre studentar.

Les meir om studieprogrammet:

Mediedesign

Etter fullført bachelorgrad er det mogleg å bygge vidare på utdanninga med ein mastergrad. Høgskulen i Volda tilbyr landets einaste praktiske mastergrad innan media, Master in Media Practices. Her møtes mediestudentar frå animasjon, design, produksjon, journalistikk, kommunikasjon og pr til ein felles mastergrad, denne kan du lese meir om her