Bachelorgrad

Mediedesign

Heiltid

Praktisk informasjon

Her finn du ei oversikt over program for semesterstart, og når og kvar undervisninga startar opp.

Nærare info vil du få i møte med emneansvarlege og i Canvasrommet (MID131) så snart dette er publisert. Hugs å lese gjennom emneplanen for emnet du skal ta! Den finn du her: https://www.hivolda.no/emne/MID131/6462

 

TYSDAG 20.08: 

12.00: Offisiell opning av studieåret i uteområdet mellom Berte Kanutte-huset og Synnøve Riste-huset. Her er kart over campus.

Nye studentar vil etter opninga bli guida av fadderane sine til Strøm Auditorium, for nærare informasjon om studiestart. Her vil du og få møte lærarane på Avdeling for mediefag.

Etter felles informasjon i Strøm Auditorium vil faglærarane på Mediedesign samle sine studentar og snakke om oppstart av undervisninga.

Til slutt vil fadderane igjen hente dykk og informere meir om kva som skjer i Fadderveka.

 

MÅNDAG 26.08: Oppstart av undervisning 

Oppstart mandag 26.08. kl. 10:15.

Kva rom vi skal vere i vil bli publisert når det nærmar seg.

Undervisninga vil gå måndag, tirsdag, onsdag, torsdag og fredag.

 

Emneansvarleg: Ivar John Erdal, erdali@hivolda.no

 

Er du kreativ, engasjert og vil jobbe i framtidas mediebransje? Då er Bachelor i mediedesign noko for deg. I studiet vert det henta inspirasjon frå tradisjonelle profesjonar og fagretningar, og nye metodar, sjangrar og teknologi vert utforska. Utdannninga har eit godt samarbeid med næringslivet – gjennom ulike prosjekt og praksis. 

Stengt for søking

Søknadskode : 223 514

Innblikk

Caroline Ramsdal

Som grafisk designer får Caroline Ramsdal satt sin egen kreativitet på prøve. Vi besøkte vår tidligere student i Oslo der hun jobber hos Kult Byrå.

Kristoffer Eidsnes

I løpet av studietida tok Kristoffer Eidsnes på seg mykje frivillig grafisk arbeid. Dette var viktig for å bygge opp portfolioen som seinare gav fast jobb i det anerkjende byrået ANTI.

Filmskaparens Narnia-historie

Etter å ha vore utanbygdes og prøvd både student- og yrekslivet, fann Atle Vasbotn Remmereit studiet og miljøet som kompletterte han som filmskapar i Volda. I dag driv han sitt eige filmselskap i heimbygda.

Fra Volda til 71° Nord

Fra Volda til 71° Nord

Jeg er en renspikka freelancer som lever fra måned til måned. Men har man litt jobb her og der går det fnt an å overleve på det.

Høgt oppe med filmproduksjon

Høgt oppe med filmproduksjon

Han har filma for verdas beste regissør av ekstremsportfilmar lenge før han er ferdig med utdanninga si i Volda. Men aller helst vil Matias Myklebust vidareutvikle produksjonsselskapet sitt og få sine eigne filmar ut i verda.

Live-produsent i VGTV - Chris Håvard Berge

Live-produsent i VGTV

Han var i Sotsji for å dekkje Sjakk-VM, og sende frå taket på VG-huset under Fotball-VM. Tidlegare mediestudent Chris-Håvard Berge er ikkje i tvil om at eit stort frivillig engasjement bidrog sterkt til at han fekk jobben som live-produsent i VGTV.

Moderne eventyrprinsesser

Moderne eventyrprinsesser

Ved midnatt trer verkelegheita inn igjen. Det er på tide å møte kvardagen. Fantasien i eventyra varer ikkje evig.

Vart forma i Volda

Vart forma i Volda

Det var under studietida i Volda at Marius Sunde for alvor fekk auga opp for grafisk design. I dag arbeider 26-åringen for det verdskjende arkitekt- og designkontoret Snøhetta. Det var under studietida i Volda at Marius Sunde for alvor fekk auga opp for grafisk design.

Info og frister

Varigheit 6 semester (3 år)

Studiepoeng 180

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2019

Studieinnhald

Bachelor i mediedesign legg hovudvekt på målretta og brukarvennleg visuell kommunikasjon på ulike plattformer. I studiet er det både teoretiske og praktiske perspektiv. Du skal jobbe med strategi og konseptutvikling, interaktivitet og brukaroppleving, samt produksjon av medieprodukt.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Internasjonalisering

Studentane kan ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar. Høgskulen i Volda tek også i mot både studentar og gjesteførelesarar frå utlandet. Det blir difor undervist på engelsk i nokre emne og enkeltførelesingar.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i form av førelesing, workshop og praktisk arbeid både individuelt og i gruppe. Det vert lagt vekt på problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Utdanninga har eit godt samarbeid med næringslivet – gjennom ulike prosjekt og praksis. Som del av studiet inngår gjerne også større prosjektarbeid og produksjonar for ulike oppdragsgivarar. For auka kvalitet og kontinuitet, må studentane ha eigen PC/Mac som er kapabel til mediearbeid.

Høgskulen i Volda har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark som er tilgjengeleg for studentane til spesielle føremål.

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelorgraden kvalifiserer for eit breitt spekter av jobbar i både privat og offentleg sektor. Dette gjeld særleg jobbar der kompetanse i design, designprosessar og visuell kommunikasjon er sentrale ønskelege eigenskapar.

Bachelor i mediedesign kvalifiserer for opptak til Master in media practices ved Høgskulen i Volda.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post.

For faglege spørsmål:
Ivar John Erdal

Studieplan

Bachelor i mediedesign

Studieprogram: 
Bachelor i mediedesign
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

På Bachelorstudiet i Mediedesign får du teoretisk og praktisk kompetanse på brukarorienterte, visuelle og interaktive produkt som kombinerer tekst, lyd, bilete og andre visuelle element.

Første året bygger studenten ei plattform med web, foto, visuell kommunikasjon og grunnleggande teori, i fellesskap med bachelorstudiet i Medieproduksjon. Frå og med andre året går du vidare med visuell kommunikasjon, front-end webdesign, redaksjonell og strategisk design, og design av brukaropplevingar knytt til ny teknologi.

I bachelorstudiet i mediedesign hentar vi inspirasjon frå tradisjonelle profesjonar og fagretningar, og utforskar nye metodar, sjangrar og teknologi.

 

Studiet kvalifiserer til å kunne søkje om opptak på Master in Media Practices på Høgskulen i Volda.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskap om:

  • virkemiddel, reiskapar og prosessar i visuell kommunikasjon
  • korleis ein utviklar digitale produkt ved hjelp av designtenking
  • multimedial formidling
  • analytiske modellar for branding og strategisk planlegging
  • innhald i media og medievitskapen sine metodar for innhaldsstudier
  • korleis mediesamfunnet påverkar sosialisering, identitetsdanning og samfunnsutvikling
  • sentrale medie- og kommunikasjonsteknologiske tema, teoriar og problemstillingar
  • tradisjonelle og nyare digitale formidlings- og kommunikasjonsformer, produksjonsmåtar og utviklingsmetodar knytt til enkeltmedium og på tvers av medieelementa tekst, lyd og bilde
  • utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • nyttiggjere seg av metodar og verkemiddel frå ulike design-felt til å kommunisere ein bodskap
  • planlegge og gjennomføre kreative prosessar som leiar fram til produkt med høg brukskvalitet
  • nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante uttrykk
  • bruke relevante produksjonsmetodar, arbeids- og uttrykksformer både knytt til tradisjonelle medium, nyare medium og medieuttrykk som inneheld element frå fleire fagområde og medium
  • fungere som kompetansemeklar i tverr- og fleirfaglege prosjekt- og produksjonsarbeid
  • reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er organisert med forelesingar, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe.  Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Navn: 
Bachelor i mediedesign
Emne2019 Haust2020 Vår2020 Haust2021 Spring2021 Haust2022 Vår
Obligatoriske fellesemne
30
15
15
15
15
Valfrie emne (sjå lista nederst i tabellen)
30
15
Valfritt emne (sjå lista nederst i tabellen)
15
Bacheloroppgåve: Anten MID230 (30 stp.) eller MID203 (15 stp.) + valfrie emne (15 stp.)
30
 
30
 
15
Andre moglege valemne:
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
Krav til utstyr eller ferdigheiter

For auka kvalitet og kontinuitet i studiet anbefalar vi at at studentane stiller med eigen bærbar PC/Mac som er kapabel til mediearbeid, samt minnekort (SD) til bruk i kamera/lydutstyr. Høgskulen har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark tilgjengelig for studentane til spesialformål. Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.

Praksis

I studiet inngår intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis. Nærare retningsliner for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.

Internasjonalisering

4. semester er det høve til å reise på utveksling.

Kostnader

Vi anbefalar studentar på bachelorstudiet i Mediedesign å abbonnere på Adobe Creative Suite, noko som med studentrabatt gir ein kostnad på 150-200,- per mnd. I kombinasjon med eigen berbar PC/Mac får studenten med dette konstant oppdaterte design-verktøy inn i sin personlig arbeidsflyt, og vert godt førebudd på arbeidslivet.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Ivar John Erdal