Vidareutdanning (masternivå)

Undersøkande journalistikk

Deltid

Dette masteremnet gjer deg betre rusta til å utøve denne forma for journalistikk, Høgskulen i Volda tilbyr emnet, som gir 15 studiepoeng, våren 2019. Høgskulen er nasjonalt kjend for å ha ei av landets leiande journalistutdanningar, og vi utdannar journalistar til redaksjonar over heile landet.

Samlingar i Volda veke 5 og 7:
Måndag 28. januar - torsdag 31. januar
Måndag 11. februar - torsdag 14. februar

Søk studieplass!

Søknadskode : 4320

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Les meir om emnet Undersøkande journalistikk/Investigative journalism

Emnet skal bidra til auka kvalitet i journalistisk produksjon og du oppnår solid kompetanse og praktisk kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen. Viktige element i emnet er utvikling av idéar og hypotesar, metodiske val og systematikk i eigen research. Andre viktige område er val og bruk av ulike typar kjelder og kjeldemateriale, etiske dilemma og kjeldekritisk analyse knytt til ulike former for journalistiske undersøkingar og metodeval. 

Undersøkande journalistikk er ein del av Master i praktiske mediefag, men kan takast som eit sjølvstendig emne.

Opptakskrav

Du søker via lokal Søknadsweb. Det er krav om at du legger med opplysninger om utdanning og praksis, arbeidsprøver og et motivasjonsbrev.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga skjer i form av forelesningar/seminar og workshops.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

Faglege spørsmål: 
Paul Bjerke