Vidareutdanning (bachelornivå)

Utforskande digital praksis i barnehagen

Studiet er retta mot barnehagelæraren, og gir ei innføring i utforskande digital praksis i barnehagen. Du skal lære å planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere det digitale som ein del av det pedagogiske arbeidet. 

Studiet har ei studieavgift på kr. 2000.

Start: 
Vår
Omfang: 
Nettstudium Deltid
Studiepoeng: 
5
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå: 
01.11.2025

Studieprogrammet gir gode høve til å utvikle eigne praktiske ferdigheiter, men også utvikle evna til å vurdere når og korleis digitale verktøy skal nyttast. 

Målsettinga er at du skal utvikle din eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PFDK) og bidra med lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.

Meir informasjon om studiet

Emnet er retta mot barnehagelæraren og skal gi ei innføring i utforskande digital praksis i barnehagen.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til eigen arbeidsplass. Emnet er organisert i asynkrone nettleksjonar og øvingar.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning