Vidareutdanning (bachelornivå)
Matematikk for lærarar
Er du lærar eller barnehagelærar og ønskjer å styrke kompetansen din i matematikk? Denne fleksible vidareutdanninga gir deg fagleg fordjuping og praktiske verktøy som du kan ta inn i klasserommet og bidra til å gjere matematikkfaget endå meir spennande for elevane dine.
- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 60
- Varigheit:
- Inntil 4 semester (2 år)
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2026
Studiet har løpande opptak.
Vidareutdanninga er delt inn i 12 emne på 5 studiepoeng kvar slik at du kan tilpasse omfanget av studiet til kvardagen din. Du søkjer opptak på heile studieprogrammet (60 studiepoeng), men du vel sjølv om du vil ta eitt, to eller tre emne per semester. Det er også mogleg å berre ta 5 studiepoeng og nøye seg med det. Dersom du tek tre emne per semester er du halvtidsstudent, og du kan oppnå 60 studiepoeng i løpet av to år. Dette vil gjere deg kvalifisert til å undervise i matematikk på grunnskulen, og det kan legge grunnlaget for ei masteroppgåve i matematikkdidaktikk.
Emneoversikt:
- Utforsking i matematikkundervisning
- Begynnaropplæring i matematikk
- Programmering i matematikkundervisning
- Abstraksjon og generalisering
- Resonnering og argumentasjon
- Problemløysing i matematikk
- Representasjon og kommunikasjon
- Digitale verktøy i matematikkundervisning
- Tilpassa undervisning i matematikk
- Modellering og anvendingar
- Innføring i matematikkdidaktisk forsking
- Matematikkvanskar
Meir informasjon om studiet
Fagleg innhald som gir verdi i klasserommet
Kvart emne fokuserer på sentrale tema i matematikkfaget og har tydeleg forankring i forsking og praksis. Du vil utvikle ferdigheiter som å analysere elevane sine tankar og uttrykk, bruke variasjon i undervisninga, og gjennomføre tilpassa opplæring. For deg som ønskjer å gå endå lenger, gir studiet ei plattform for å bidra til fagleg utvikling på eigen skule eller innanfor kommunen.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisinga er lagt opp som ein kombinasjon av nettbaserte ressursar, nettleksjonar og samlingar. Enkelte emne er fullstendig nettbasert, sjå emneplanane for detaljar. Dette gir deg høve til å studere fleksibelt, samstundes som du får fagleg rettleiing og samarbeid med andre studentar.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Hausten 2026
MAT156: 17. og 18. september
MAT157: Digitalt utan samling
MAT158: 15. og 16. september
Opptakskrav
Lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, faglærar med PPU).
Studieplan - Deltid
Matematikk for lærarar - vidareutdanning (deltid)
Ved Høgskulen i Volda tilbyr vi ei rekke emne for vidareutdanning av lærarar innan matematikk. Desse emna er for deg som vil ha fagleg påfyll innanfor enkelte tema, eller deg som ønskjer ei fagspesialisering i matematikk med 60 studiepoeng. Dette kan til dømes legge grunnlaget for ei erfaringsbasert masteroppgåve i matematikkdidaktikk.
Vi legg opp til at du skal kunne ta alle emna som deltidsstudent og kvart emne er på 5 studiepoeng. Du vel sjølv kor mange emne du ønskjer å ta per semester; om det er eitt, to eller tre.
Undervisingsorganisering:
Studieprogrammet inneheld ei blanding av emne som er reine nettbaserte emne og emne som er samlingsbaserte. Sjå emneplanane for detaljar. Du får tilgang til eit eige digitalt klasserom der program for samlingar og førelesingar vert lagt ut. Det digitale klasserommet vert også brukt til oppgåveinnlevering og kommunikasjon med faglærar og medstudentar. Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.
Studiemodell:
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over når alle emna blir tilbydd. Kvart emne går annakvart år, så eit emne som går haust 25 vil neste gang gå haust 27. Dei fleste emna vil du kunne ta uavhengig av kvarandre, men dersom eit emne krev forkunnskapar vert det spesifisert i emneplanen.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Læringsutbyttet er gitt i emneplanane
Læringsutbyttet er gitt i emneplanane
Læringsutbyttet er gitt i emneplanane
Studieprogrammet inneheld ei blanding av emne som er reine nettbaserte emne og emne som er samlingsbaserte. Sjå emneplanane for detaljar. Du får tilgang til eit eige digitalt klasserom der program for samlingar og førelesingar vert lagt ut. Det digitale klasserommet vert også brukt til oppgåveinnlevering og kommunikasjon med faglærar og medstudentar. Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.
Kvart emne går annakvart år. Dei fleste emna vil du kunne ta uavhengig av kvarandre, men dersom eit emne krev forkunnskapar vert det spesifisert i emneplanen.
| Emne | 2026 H | 2027 V | 2027 H | 2028 V |
|---|---|---|---|---|
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| 5 | ||||
| Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)