Vidareutdanning (bachelornivå)

Læringsdesign og klasseromsleiing i teknologirike læringsmiljø

Deltid, Nettstudium

Digitale verktøy og teknologiske løysingar pregar livet vårt både på og utanfor skulen. I skulen og klasserommet skal læraren halde fast ved skulen si kjerneverksemd samstundes som han/ho skal tilrettelegge for bruk av digitale verktøy i elevane sitt læringsarbeid. Studiet tek utgangspunkt i det daglege virket til pedagogen og har ei praktisk tilnærming til undervisningsplanlegging, anten for den vidaregåande skulen, for ungdomskulen eller barneskulen.

Studiet har ei avgift på kr 4 000 + semesteravgift.

 

Stengt for søking

Søknadskode : 3926

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust

Studieinnhald

Studiet rettar fokus på planlegging, utforming og gjennomføring av læreprosessar som også involverer teknologi. Klasseleiing er ein pedagogisk kjernekompetanse som handlar om læraren si evne til å tilrettelegge for elevane si læring, individuelt og i fellesskap. I studiet vert også studenten si utvikling av eigen yrkespraksis vektlagt, og samspelet mellom læringsdesign og klasseleiing. Les meir i emneplan her

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert (undervisning og eksamen). Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Synnøve Moltudal