Rettleiing/rådgiving
Studierettleiing
Generell studierettleiing får du ved å kontakte Studentsørvis i første etasje i Berte Kanutte-huset, tlf 7007 5018.
Dette gjeld spørsmål om studieval, våre studium, grader og innpassing. Her får du også hjelp med tilrettelegging av studium og eksamen dersom du har sjukdom, allergi, eller nedsett funksjon.
Om du har konkrete spørsmål om eit studium, t.d. om undervisninga, pensum og liknande, er det best å snakke med kontaktpersonen for studiet. Du ser kven dette er i studieplanen for ditt studium. Telefon 70 07 52 90.
Karriererettleiing
Skal du søkje på høgare utdanning eller er elev ved vidaregåande skule/folkehøgskule og ønskjer informasjon og rettleiing om utdannings- og yrkeval, kan du ta kontakt med rådgivar Torill Engeseth. Telefon 70 07 50 90
Livet som student
Treng du nokon å snakke med om livet ditt som student? Det kan vere følelsar, opplevingar, ting som er vanskeleg og du har behov for å lufte med nokon. Her finn du ulike samtaletilbod og nokon å snakke med.
Helsetilbod
Studentsamskipnaden tilbyr helsekasse som kan gje støtte til helseutgifter, briller, tannlege eller anna for studentane. Det er også tilbod om helsestasjon med rådgjeving om helse, les meir her.