Vidareutdanning (bachelornivå)

Førebygge og stoppe nettmobbing

Studiet gir ei innføring i barns mediekultur og om utfordringar og farar barn kan møte på nett. Det er fokus på korleis du som lærer kan utvikle din egen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK), og bidra gjennom lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.

IDK - shutterstock nettmobbing
Start: 
Vår
Omfang: 
Deltid Nettstudium
Studiepoeng: 
5
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå: 
01.11.2026

Studiet har løpande opptak.

Studieprogrammet tematiserer korleis du som lærar kan førebygge og handtere nettmobbing og andre krenkelsar. Barn sin interaksjon på sosiale media grip inn i skulekvardagen og er ei utfordring som lærarar må kunne handtere, men som mange føler at dei kan for lite om. Du vil lære kva som er ditt ansvar som lærar, og få konkrete tips og verktøy du kan bruke i din eigen skulekvardag.

Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.

Meir informasjon om studiet

Studiet skal gi kunnskap om korleis du som lærer kan utvikle din egen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK), og bidra gjennom lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til eigen arbeidsplass. Emnet er organisert i asynkrone nettleksjonar og øvingar.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning