Vidareutdanning (bachelornivå)

Berekraftig samfunnsutvikling

Studiet skal mellom anna gi deg grunnleggande kunnskap om utviklingstrendar i samfunnet. Studiet vektlegg at du får innsikt i  berekraftig samfunnsutvikling som diskurs, og at du opparbeider deg ei forståing av lokalsamfunn som stader.

Student med kart.
Start:
Haust
Omfang:
Deltid
Studiepoeng:
10,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søknadsperiode:
01.02.2024

 Stader vert utvikla i samspel mellom lokale og globale strukturar og praksisar. Introduksjon til dominerande utviklingstrendar i samfunnet skal, saman med kunnskap og forståing for korleis stadar vert til, danne grunnlag for innføring i samfunnsplanlegging.    

Studiet er obligatorisk emne i Bachelor i samfunnsutvikling, og vil kunne godskrivast denne graden om du ønskjer å studere vidare.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom førelesingar, diskusjon, oppgåveløysing og prosjektarbeid i gruppe. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.   

Aktuelle yrke og vidare studium

Arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom førelesingar, diskusjon, oppgåveløysing og prosjektarbeid i gruppe. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.