Se liste over studieplaner som starter:

Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring

Studieprogram: 
Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2026
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og vere i arbeid i barnehage, grunnskule eller vidaregåande opplæring.

Om studiet

Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning for lærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehage, grunnskule eller vidaregåande opplæring.

Gjennom studiet får studenten omfattande kunnskap og innsikt i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis. Studiet rettar seg også inn mot kollektive læringsprosessar. Vidare er utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap sentralt. Emnet er på 30 studiepoeng.

Nasjonale føringar

I fylgje nasjonale retningsliner må alle som skal vere praksislærarar i barnehagelærarutdanninga ha minimum 30 studiepoeng rettleiarutdanning. Praksislærarar i grunnskulelærarutdanninga må ha minimum15 studiepoeng. Studiet skal gi praksislærarar kompetanse i å rettleie studentar og gjennom dette bidra til å styrke praksisopplæringa i grunnutdanninga.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

  • ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i lærarprofesjonen
  • korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i barnehage og skule
  • korleis ein kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap 
  • studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar
  • nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • nytte forskingsbasert kunnskap om rettleiing 
  • bruke ulike rettleiingsstrategiar og modellar for rettleiing
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • støtte og utfordre studentar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
  • analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar  
  • vurdere eigen rettleiingspraksis i eit lærings- og danningsperspektiv
  • utøve etiske vurderingar i samband med rettleiing
  • nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling 
Generell kompetanse

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytt til rettleiingsfeltet 
  • kunne analysere og drøfte teoriar og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
  • ha innsikt i korleis dei kan nytte seg sjølve som reiskap for å støtte lærarstudentar si utvikling av personleg og profesjonell kompetanse
Organisering og arbeidsmåtar

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.

Det er til saman seks todagarssamlingar fordelt over to semester. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Det vert i tillegg gjennomført undervisning på digitale plattformer tilsvarande ei samling.

Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring
Navn: 
Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring
Emne2026 Haust2027 Vår
Rettleiarutdanning for barnehagelærar
30
 
1515
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studentane må ha tilgang til pc med program som gjer det mogleg å følgje undervisning i Zoom eller andre digitale plattformer med lyd og bilete.

Praksis

Studentane skal gjennomføre rettleiing på eigen arbeidsplass og rettleiing av medstudentar

Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes. T: 70075267 E: gerds@hivolda.no