Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk

Studieprogram: 
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk, masternivå
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Dette er eit studium som primært har barnehagelærarar og lærarar som målgruppe. Opptaksgrunnlaget til studiet er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) og innanfor følgjande utdanningsvegar: 

  • bestått allmennlærarutdanning eller fireårig grunnskulelærarutdanning, der minst 30 studiepoeng norsk inngår i fagkretsen
  • bestått førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning
  • bestått faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning, der minst 30 studiepoeng norsk inngår i fagkretsen
Om studiet

Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg studium som gir studentar teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen og barnehagen gir. Studiet gir kompetanse for pedagogisk og norskdidaktisk arbeid med barn, ungdom og vaksne i ein fleirspråkleg og fleirkulturell læringssituasjon. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium.

Kunnskapar

Studenten skal ha:  

• brei kunnskap om forholdet mellom identitet, kultur og sosialiseringsprosessar i fleirspråklege og fleirkulturelle kontekstar

• avansert kunnskap om fleirspråklegheit og korleis ein kan ta vare på og utvikle språkleg og kulturelt mangfald.  

• inngåande kunnskap rasisme og korleis ein kan utvikle eit antirasistisk læringsmiljø  

• avansert kunnskap om norsk i eit andrespråksperspektiv, om andrespråkslæring og andrespråksundervisning 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:  

• analysere og handtere pedagogiske og fagdidaktiske utfordringar og moglegheiter i den antirasistiske, fleirkulturelle og fleirspråklege skulen/barnehagen  

• skape eit læringsmiljø som bidreg til å motvirke fordommar og diskriminering 

• gjennomføre norskopplæring for born, unge og vaksne med eit anna morsmål enn norsk

Generell kompetanse

Studenten skal: 

• kunne engasjere seg i og initiere utviklingen av antirasistisk og tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av emna Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 1 (15 stp) og Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 2 (15 stp). Emne 1 er lagt til haustsemesteret, og emne 2 er lagt til vårsemesteret. Det er ein føresetnad at studentane byrjar med emne 1. Bestått eksamen på emne 1 er ein føresetnad for å kunne ta emne 2.

Undervisninga er fordelt på fire samlingar om hausten og fem samlingar om våren. Kvar samling går over to heile dagar. Undervisningsopplegget er obligatorisk. I emne 1 skal studentane gjennomføre eit feltarbeid i barnehage, skule eller annan institusjon der det skjer fagleg arbeid retta inn mot språklege minoritetar.

Navn: 
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk
Ansvarleg
Randi Myklebust, tlf: 70 07 53 78, randim@hivolda.no og Birgitte Fondevik, tlf: 70 07 50 39, birgitte.fondevik@hivolda.no