See list of study plans starting on:

Engelsk årsstudium, nettbasert, heiltid, opptak vår

Studieprogram: 
Engelsk - årsstudium (nettstudium)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
130
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse med minimum 4 i fellesfag engelsk.

Om studiet

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk nettstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på 200-nivå (fordjuping). Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen. Frå hausten 2019 krevst det mastergrad som inneheld minst eitt skulefag for å bli tatt opp til PPU.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Etter fullført studium har studenten kunnskap om:

-        vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk

-        kultur, samfunn og litteratur i nokre land der engelsk er hovudspråk

-        normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk

Ferdigheiter

Etter fullført studium kan studenten:

-        identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk

-        analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)

-        tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land

Generell kompetanse

Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng. Det vert undervist i to emne i haustsemesteret og to emne i vårsemesteret.Studiet kan takast på heiltid eller deltid, med oppstart haust eller vår - sjå eigne planar for deltidsstudiet.

Studiet tilsvarar i faginnhald engelsk årsstudium, som vert tilbode med ordinær undervisning i Volda.

Ein bør merkje seg at studenten kan styre si eiga arbeidstid. Nettstudiet gjev relativt stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om god planlegging av eiga tid.

 

Engelsk årsstudium, nettbasert, heiltid, oppstart vår
Praksis

Det er ikkje praksis i dette studiet.

Internasjonalisering

 Det er høve til å delta i det ordinære studiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York; dette med atterhald om ledige plassar i York i det aktuelle tidsromet. Ta kontakt med emneansvarleg for ENG142N så snart som mogleg om dette er av interesse.

Anna
Programmet er nettbasert. Undervisning skjer i hovudsak gjennom nettleksjonar som vil vere tilgjengelege frå dei er lasta opp. Studentane vil for det meste kunne organisere studiet tilpassa eigen timeplan: dette tyder også at studentane er forventa å forvalte tida si effektivt.
Ansvarleg
Kjetil Myskja