Bachelor i mediedesign

Studieprogram: 
Bachelor i mediedesign
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

På Bachelorstudiet i Mediedesign får du teoretisk og praktisk kompetanse på brukarorienterte, visuelle og interaktive produkt som kombinerer tekst, lyd, bilete og andre visuelle element.

Første året bygger studenten ei plattform med web, foto, visuell kommunikasjon og grunnleggande teori, i fellesskap med bachelorstudiet i Medieproduksjon. Frå og med andre året går du vidare med visuell kommunikasjon, front-end webdesign, redaksjonell og strategisk design, og design av brukaropplevingar knytt til ny teknologi.

I bachelorstudiet i mediedesign hentar vi inspirasjon frå tradisjonelle profesjonar og fagretningar, og utforskar nye metodar, sjangrar og teknologi.

 

Studiet kvalifiserer til å kunne søkje om opptak på Master in Media Practices på Høgskulen i Volda.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskap om:

  • virkemiddel, reiskapar og prosessar i visuell kommunikasjon
  • korleis ein utviklar digitale produkt ved hjelp av designtenking
  • multimedial formidling
  • analytiske modellar for branding og strategisk planlegging
  • innhald i media og medievitskapen sine metodar for innhaldsstudier
  • korleis mediesamfunnet påverkar sosialisering, identitetsdanning og samfunnsutvikling
  • sentrale medie- og kommunikasjonsteknologiske tema, teoriar og problemstillingar
  • tradisjonelle og nyare digitale formidlings- og kommunikasjonsformer, produksjonsmåtar og utviklingsmetodar knytt til enkeltmedium og på tvers av medieelementa tekst, lyd og bilde
  • utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • nyttiggjere seg av metodar og verkemiddel frå ulike design-felt til å kommunisere ein bodskap
  • planlegge og gjennomføre kreative prosessar som leiar fram til produkt med høg brukskvalitet
  • nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante uttrykk
  • bruke relevante produksjonsmetodar, arbeids- og uttrykksformer både knytt til tradisjonelle medium, nyare medium og medieuttrykk som inneheld element frå fleire fagområde og medium
  • fungere som kompetansemeklar i tverr- og fleirfaglege prosjekt- og produksjonsarbeid
  • reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er organisert med forelesingar, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe.  Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Navn: 
Bachelor i mediedesign
Krav til utstyr eller ferdigheiter

For auka kvalitet og kontinuitet i studiet anbefalar vi at at studentane stiller med eigen bærbar PC/Mac som er kapabel til mediearbeid, samt minnekort (SD) til bruk i kamera/lydutstyr. Høgskulen har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark tilgjengelig for studentane til spesialformål. Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.

Praksis

I studiet inngår intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis. Nærare retningsliner for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.

Internasjonalisering

4. semester er det høve til å reise på utveksling.

Kostnader

Vi anbefalar studentar på bachelorstudiet i Mediedesign å abbonnere på Adobe Creative Suite, noko som med studentrabatt gir ein kostnad på 150-200,- per mnd. I kombinasjon med eigen berbar PC/Mac får studenten med dette konstant oppdaterte design-verktøy inn i sin personlig arbeidsflyt, og vert godt førebudd på arbeidslivet.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Ivar John Erdal