Ledige verv i Høgskulen sine råd og utval
Vi skal velje nye studentar inn i Høgskulen sine råd og utval! I utvala har studentane ei viktig stemme inn i dei styrande organa til Høgskulen.
- Du må ikkje vere medlem i Studentparlamentet for å ta på deg eit verv i eit utval.
- Dei fleste verva er honorert etter statlege satsar, 518 kr per time.
- Valet av studentrepresentantar blir gjennomført på første møte i Studentparlamentet, 30. oktober kl 14.15 på Sivert Aarflot-huset, SAA227.
- Lenke til kalenderevent og facebook-event