Søk studielån og finn info om studiestart
No legg Høgskulen ut praktisk informasjon som alle studentane har bruk for til studiestart. På Studiestartportalen kan du finna meir om hybel, oppmøtetidspunkt og studielån. Lånekassen melder at dei som søkjer om studielån før 1. juli er med i trekning om pensumbøker.
På Studiestartportalen finn du telefonnummer, e-post og skjema som du kan nytta for å ta kontakt med Høgskulen si Infoteneste.
Der er eigne hjelpesider for alle studentar, samt rettleiingar om registrering, rådgjeving, fristar og meir.
I tillegg ligg der ei Ofte Stilt Spørsmål-liste som er rask å finna fram i.
Søk studielån no
- Lånekassen sin nettsøknad er open. Jo raskare du søkjer, jo tidlegare får du pengane dine, melder Lånekassen.
Nettsøknaden finn du på Søke om lån og stipend (lanekassen.no)
- Dersom du søkjer før 1. juli, kan du vere med i trekninga om pensumbøker til hausten.
Kven kan bruke nettsøknaden
Alle studentar i høgare utdanning – inkludert utanlandske statsborgarar – kan levere nettsøknaden. Det gjeld studentar i både fulltids- og deltidsutdanning.
Ingen papirblankettar til lærestadene
I år vil ingen lærestader i høgare utdanning få søknadsblankettar frå Lånekassen. Du må sjølv bestille blanketten hjå lånekassen dersom du ønskjer å levere den på papir.