Aktiv fritid i Volda

X2 Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda. 

 

Sunnmørsalpane
Høgskulen i Volda er omkransa av dei verdskjende Sunnmørsalpane, eit populært reisemål både sommar og vinter. Innan ein times radius ligg seks skisenter, inkludert Strandafjellet som er kåra til eit av Noregs beste skisenter. 
 

Klatring
Like ved høgskulen ligg klatresiloen. Her finn ein klatring som passar dei fleste, anten ein vil buldre, klatre på topptau, ledklatring eller trene på hangboard. Siloen er også ein flott møtestad der ein kan bli kjent med nye menneske på tvers av linjer, eller med dei lokale. Ein spasertur frå Volda sentrum finn du også Toskefloget som byr på mykje bra klatring. Og i nabokommuna Ørsta finn ein majestetiske Molladalen som er eit eldorado for klatreinteresserte. 
 

Skating og surfing
Nokre få hundre meter frå høgskulen ligg Skateparken i Volda. Den er  på 900 m2 med bowl, quarter, trapper, handrails og diverse funboxer. Vel 45 minutt frå Volda ligg Flø. Dette paradiset byr på bratte bølger godt egna til surfing. Det er også eit bra buldreområde for deg som liker å klatre. 
 

Stisykling
I Volda er det fleire gode stiar for sykling. Og ein halvtime frå Volda ligg Ulsteinvik som nyleg har fått tillaga ein heilt ny sykkelsti.
 

Mittsunnmøre.no
mittsunnmøre.no kan du få innblikk i fleire turar og aktivitetar som Sunnmøre byr på. 

Festivalar

Fadderveka

Under Fadderveka er målet at nye studentar skal bli kjent med Volda, høgskulen, samt nye og gamle studentar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein bra start. Dette skjer i form av konsertar, utandørsarrangement, omvising på campus og ulike samlingar og festar.

Animation Volda

Animation Volda tiltrekkjer seg nasjonal og internasjonal merksemd. Mellom workshops og konsertar kan du sjå premierar på ekslusive animasjonsfilmar. Festivalen er eit knutepunkt mellom animasjonsstudentar, og kvalifiserer filmar til Fredrikstad Animation Festival.

Veka

VEKA i Volda er den største på Nordvestlandet. I tillegg til lokale talent i studentrevyen kjem stjerner og talent frå inn- og utland for å skape ei stemning og ein atmosfære du seint vil gløyme. Dei siste åra har artistar som Veronica Maggio, Talib Kweli, Team Me, Jonas Alaska og Honningbarna spelt i Volda.

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er Noregs eldste og største dokumentarfilmfestival og trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Under festivalen samlast filmskaparar, studentar og publikum og kombinasjonen av gode filmopplevingar og feststemte medstudentar er med på å gjere festivalen til ei hending ein definitivt må få med seg.

 

X2 festivalen

Vintersportfestivalen X2 er den mest ekstreme vintersportshelga i regionen med knallharde konkurransar i tindebestigning og frikøyring, padling og paragliding. Festivalen er også ein sosial folkefest for publikum – også dei som heller vil ha peiskos enn ulendt terreng. Den sterke  festivalstemninga er ein viktig del av det som skaper Volda sitt unike studiemiljø.

Foto Olav Standal Tangen

Sunnmøre kammermusikkfestival

Kammermusikkfestivalen er ein internasjonal festival med kammermusikk av ypparste klasse. Festivalen skal vere ein møteplass for folk på Sunnmøre, musikarar og publikum, musikarane og studentane ved HVO, dei profesjonelle og amatørane.

Kaarstadfestivalen

Kaarstadfestivalen har som mål å skape ein arena og møteplass der dei dyktige og kreative studentane ved Avdeling for kulturfag kan møte publikum - unge som eldre - gjennom konsertar, kunstutstillingar, teaterframsyningar, filmar og fotografi m. m. av høg kvalitet.

Bygdesus

Bygdesus har som mål å gi publikum kul musikk frå artistar som enda er ukjende for dei aller fleste.