#PRprat: Ope nettmøte om arbeidslivet for medie- og kommunikasjonsfolk

Onsdag har #PRprat invitert seniorrådgjevar Hilde Tunge i Apriil PR. Ho vil snakke om vegen ut i eit omskifteleg arbeidsliv for medie- og kommunikasjonsfolk.

Tre personar i samtale rundt eit bord.

Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!

31. januar: Vegen ut i eit omskifteleg arbeidsliv for medie- og kommunikasjonsfolk

Neste gjest i #PRprat er Hilde Tunge, seniorrådgjevar i Apriil PR. Ho har bakgrunn frå medielinja i Volda og tek no ein mastergrad i teoretisk journalistikk ved Universitetet i Oslo.

Hilde er PR-sjef i ODA-Nettverk, landets største nettverk for likestilling og mangfald i tek-bransjen, og har arbeidd for fleire hundre selskap gjennom ein imponerande karriere for til no fire ulike byrå. Ho har vore med på å tilsetje folk til byrå og kommunikasjonsavdelingar både privat og offentleg.

Nokre av spørsmåla under nettmøtet handlar om det å få arbeid, rekruttering i medie- og kulturindustrien, korleis velje og korleis førebu seg i ein skiftande arbeidsmarknad som er i ei rivande utvikling.

  • Tidspunkt: Onsdag 31. januar kl. 12.00–13.00.
  • Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.

#PRprat

Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.

Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).

  • Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.

Del på: