Teater

Som student ved teater i Volda får du ei solid og allsidig drama og teaterutdanning i eit godt og svært aktivt fagleg miljø. Vi tilbyr ein unik kombinasjon av praktisk skodespelartrening, teoretisk/akademisk utdanning og ei fagdidaktisk innføring som vil gje deg eit solid grunnlag for vidare arbeid innan kulturlivet eller skule/kulturskule. 

Våre studietilbod:

Hos oss møter du mange ulike fagområde:

  • Anvendt og Devised theatre
  • Barneteater og Estetiske lærarprosessar
  • Dramaturgi og teaterhistorie
  • Forteljing og Formidling
  • Lydbok, dubbing og radioteater
  • Skodespelarteknikk og regi
  • Spel for kamera

Ved institutt for teater møter du også eit aktivt studentmiljø der du mellom anna kan vere med i studentrevy, studentteater, audition-gruppe, teatersport-gruppe eller Volda Voksne Amatørteater. Som student ved drama og teater har ein også tilgong til teater- og dramasalen døgnet rundt.

Vi har dyktige fagfolk innan teaterteori, regi, skodespelarteknikk, anvendt teater og dramapedagogikk, og fleire av oss er utøvande i faget.

Vi utdannar også barnehagelærarar og har kurs for grunnskulelærarar, barnevernspedagogar, sosialarbeidarar, m.fl.

Les meir om tilboda til Teater under studietilbod.

Følg oss på Facebook

Har du spørsmål?