Institutt for journalistikk

Institutt for journalistikk tilbyr desse utdanningane:

Journaliststudentane lærer om og får øving i journalistisk arbeid, og vel spesialisering innan fjernsyn, radio eller avis der dei blant anna har internpraksis. I praksisperioden vil studentmedia Radio Volda, Næravisa, Nærnett og Nærsynet vere i produksjon, og studentane dekkjer nyhende i Volda på lik linje med andre lokale mediebedrifter. Alle studentane får i tillegg omfattande praksis i nettjournalistikk, samt praksis i ei ekstern mediebedrift.

Høgskulen i Volda har utdanna journalister til den norske mediebransjen sidan 1971, og journalistutdanninga i Volda har gjennom åra blitt kjend som ein av landets fremste utdanningar innan journalistikk. Mange av dei mest kjende journalistane i Noregs mediebedrifter er utdanna i Volda, og dette er kanskje med på å oppretthalde det gode samarbeidet mellom høgskulen og den norske mediebransjen.

 

Instituttleiar er Jan Ytrehorn.