Koronakrisa: Fullteikna kurs i personalleiing 04. jun 2020Regjeringa har bedt universitets- og høgskulesektoren om å tilby kompetansehevande studietilbod retta mot permitterte og arbeidsledige våren 2020. – Høgskulen i Volda tilbyr «Personalleiing for mellomleiarar», eit kurs som raskt vart fullteikna med folk frå ei rekkje berørte bedrifter og verksemder, seier kursansvarleg førstelektor Magnar Hjertenæs.
Fysisk studiestart over to dagar 03. jun 2020Det er no bestemt at det vert fysisk opning av studieåret 2020/21 ved Høgskulen i Volda. Opninga vil gå føre seg 18. og 19. august.
Studentkjærleik <3 30. mai 2020Gratis kveldsmat i eksamenstida, samtalar om alt frå kjærleikssorg til studieteknikk, hukommelseskurs, stress-ned-yoga og «kjeldesortering» på biblioteket er berre nokre få døme. Tilboda til studentane i Volda går langt utover dei faglege.
Kompetanse for kvalitet – ledige studieplassar 29. mai 2020Høgskulen i Volda lyser no ut ledige studieplassar i Kompetanse for kvalitet. – Dette er gratis vidareutdanningstilbod for utdanna lærarar men utan stipend eller vikarstøtte gjennom Utdanningsdirektoratet, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken.
Ny dekan ved Avdeling for mediefag 28. mai 2020Styret ved Høgskulen i Volda har vedteke å gi Kate Kartveit tilbod om dekanstilling ved Avdeling for mediefag frå 1. august 2020.
Less emissions for VUC 27. mai 2020The climate and enviroment report for 2019 shows less emissions due to travels, and positive effect from recycling.
– Kom til Volda til studiestart 27. mai 2020Beskjeden frå leiinga ved Høgskulen i Volda er like hjartevarm som den er krystallklar: Alle som skal begynne å studere eller halde fram med studia sine i Volda, bør komme hit til studiestart til hausten. Hjarteleg velkomen, vi skal ta godt vare på dykk!
Sjå omframt styremøte i opptak 27. mai 2020Høgskulestyret gjennomførte omframt styremøte 28. mai som du kan sjå i opptak her. Styret diskuterte blant anna diskutere høyringssvar på framlegg til ny lov for høgskular og universitet.
Utdanningsløftet 2020: 100 nye studieplassar til HVO 25. mai 2020Regjeringa møter den rekordstore søkinga til høgare utdanning med å løyve pengar til 4000 nye studieplassar. Høgskulen i Volda fekk 100 av desse, i tillegg til seks nye stipendiatstillingar.
Samanliknar gitarspeling med sjakk 25. mai 2020I sin nyleg utgjevne vitskaplege monografi gjev førsteamanuensis Stein Helge Solstad svaret på kvifor ein jazzgitarist kan spele så variert – sjølv om songen er den same. Han dreg parallellar til sjakk og ikkje minst til Magnus Carlsen si intuitive evne til å skape overraskingar.