NF101U Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (5-10)

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
NF101U
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført lærarutdanning.

Om emnet

Undervisninga i NF101U, saman med NF102U, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 5.-10. steg (jmf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn).  

Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og fagdidaktikk. Energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, uorganisk og organisk kjemi er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring, utforsking og trene i argumentasjon er ein viktig del av denne kompetansen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:  

Kunnskapar

Studenten skal ha 

  • kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag  
  • kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning 
  • kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet  
  • kunnskap om krefter, rørsle og likevekt 
  • kunnskap om elektrisitet, bølgjer, lyd og lys  
  • kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet 
  • kunnskap om bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff og kjemiske reaksjonar. 
  • formlar og namn på uorganiske sambindingar. 
  • kunnskap om skriving og balansering av reaksjonslikningar, kjemisk likevekt, syrer og baser, elektrokjemi og kolligative eigenskapar til vatn-løysningar (osmose). 
  • kunnskap om varme, uorden og spontanitet. 
  • kunnskap om bygnaden og eigenskapar til organiske sambindingar 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • planlegga, gjennomføra og reflektera over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter 
  • gjennomføra praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy 
  • gjennomføra undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag 
Generell kompetanse

Studenten 

  • har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag 
  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning 
  • kan legge til rette for overgangen frå barnetrinn til ungdomstrinn og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule 
  • kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på campus Høgskulen i Volda og det er to samlingar pr. semester, á 3 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Fremmøtekrav:

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).

Arbeidskrav:

Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav: 

  • fagrapport frå to laboratorieøvingar 
  • samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid 
  • ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.  

Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet. 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Jan Håkon Vikane
Studieavgift

Ingen.

Materialavgift

Ingen.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Naturfag 1 (5-10)
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100% Eksamen på papirKalkulator utan høve til lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene.Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (karakteren E eller betre) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar: Eksamen på papir
Hjelpemidler:Kalkulator utan høve til lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene.
Omfang:Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (karakteren E eller betre) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått.
Godkjent av: 
Arne Myklebust