NOA 2023: Den 10. nasjonale forskingskonferansen om norsk som andrespråk

Illustrasjon NOA
2023-05-25T09:00:00 - 2023-05-26T16:00:00
Legg til i kalender

Konferansetema: Språkleg og kulturelt mangfald i utdanning.
Konferansestad: Høgskulen i Volda.

Plenumsførelesing

Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, arrangerer den tiande NOA-konferansen om norsk som andrespråk. Vi er glade for at desse vil halde plenumsførelesingar: 

Helle Pia Laursen: Børn, literacy og sprogleig diversitet. Ti år med Tegn på sprog.

Irmelin Kjelaas, Institutt for lærerutdanning, NTNU

Lise Iversen Kulbranstad, Gunhild Tomter Alstad og Marianne Eek: Barnehage og voksenopplæring, uformelle og formelle språklæringsarenaer, språkvitenskap og utdanningsvitenskap: spenn i norsk andrespråksdidaktisk forsking

 

Innsending av samandrag 

Bidrag som er basert på forsking på utvikling, undervisning, andrespråkslæring og bruk av språk relatert til fleirspråklege og kulturelt mangfaldige utdanningskontekstar, frå barnehage til høgare utdanning og arbeidslivet, er særleg velkomne. Samandraget skal vere på maksimum 300 ord (eventuelle referansar inkludert). Det bør innehalde presentasjon av forskingstemaet, forskingsspørsmål, metode, teoretisk/analytisk tilnærmingsmåte og funn. For posterpresentasjonar vert det ikkje forventa presentasjon av funn.

Frist: torsdag 1. desember 2022 

Dugnadsgrupper

Konferansen har denne dugnadsgruppa: Imitasjon av norsk som andrespråk.

Dugnadsgruppa er ope for alle interesserte, men alle innlegga må vere knytt til dette temaet. De sender samandrag for innlegg til Anne Golden anne.golden@iln.uio eller Lars Anders Kulbrandstad lars.kulbrandstad@inn.no

Frist er 1. april. 

 

Konferanseavgift

Vi kjem tilbake til dette.

NOA-skulen

Vi planlegg NOA-skulen lagt til onsdag 24. mai i 17-tida. Vi kjem tilbake med eiga påmelding til dette opplegget. Temaet vert:

"The affective turn"
Internasjonalt har forsking på kjensler i andrespråkslæring og -undervisning vakse dei siste (seks–sju) åra. Denne oppblomstrande interessa for kjensler vert omtala som «the affective turn», og området positiv psykologi kan forståast som særleg sentralt i denne vendinga. På NOA-skulen vil omgrepa «the affective turn» og positiv psykologi verte undersøkt og diskutert nærare med utgangspunkt i utvalde artiklar som vi har lese på førehand.

Artiklane vi skal arbeide med vert lagde ut her etter kvart.

Kontaktinformasjon

Fagleg ansvarleg: Birgitte Fondevik og Randi Myklebust
 

 

Del på