Medienæringa er i konstant endring og full av moglegheiter

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har eit av dei mest sentrale utdannings­miljøa innanfor media og kommu­nika­sjon. Ylva visste tidleg at det var innanfor medienæringa ho ville arbeide. Etter tre år ved høg­skulen jobbar ho no som kom­munika­sjonsrådgivar i firmaet Racer. Firmaet tilbyr mellom anna tenester innanfor grafisk design, profilering, reklame og marknads­føring.

– Eg har alltid likt sosiale media, å skrive og å ta bilete. PR, kommunikasjon og media i Volda verka difor som ei spenn­ande utdanning, der vegen vidare ikkje var heilt fastsett, men gav mange gode moglegheiter i arbeidslivet. 

Avdeling for mediefag har eit godt integrert fagmiljø, noko studentane får nyte godt av. Dei får velje mellom mange fagfelt og eit breitt spekter av emne; journalistikk, medievitskap, politisk økonomi, organisasjon og leiing, marknads­føring, krise­kommunikasjon, og ulike sosiologiske og stats­vitskaplege emne. 
– Eg har alltid vore glad i å skrive, og visste at dette var ein av dei tinga eg ville jobbe med seinare. For meg var skrivetreninga vi fekk i utdanninga noko av det viktigaste eg lærte. Her fekk eg utvikla meg som skribent og øvd på fleire sjangrar. I tillegg lærte vi mykje om å vere medviten rundt alle aspekt ved kommunikasjon, noko eg har stor nytte av i jobben min.

Kommunikasjonsrådgivar 

Då Ylva hadde fullført bachelorgraden i Volda, starta prosessen med jobbsøking. Etter å ha sendt mange søknader, fekk ho napp hos det nyoppstarta digitale marknadsføringsselskapet Racer. Dei held til både i Ålesund og Ørsta. Her driv ho med utvikling av digitale løysingar, då spesielt på sosiale media for å løfte fram merkevarer for kundane. Sjølv om mediemarknaden kan seiast å ha hatt ei nedgangsperiode, er Ylva optimistisk. 
– Eg trur at medienæringa eigentlig går bra, sjølv om det ikkje er like stor etterspørsel etter alle type tenester. Bruken av internett og sosiale media kjem til å auke og vere ein del av framtida. I ei verd full av inntrykk er vi avhengig av god informasjons­flyt og, ikkje minst, innhald som fangar merksemda til 
brukaren. 

Situasjonen i medienæringa og alle endringane som skjer, kan sikkert virke avskrekkande på nokon, men det er ufatteleg spennande å vere med på. Medie­næringa er i konstant endring og er full av moglegheiter.

Brei utdanning

– Er du interessert i media generelt, trur eg du vil like PR, kommunikasjon og media. Dette er den rette utdanninga for dei som er interessert i skriving, sosiale media, formidling, reklame, og liknande. Gjennom oppgåver og arbeid undervegs i studieløpet, kan du ta val som vinklar deg inn mot eit visst segment av næringa. Det handlar om å formidle bodskap slik at rett målgruppe får det med seg og engasjerer seg. 
 

Tags

Del på