Kunstnartreff Møre og Romsdal
Det var eit vellukka seminar for kunstnarane i Møre og Romsdal, som vart arrangert og leia av Seanse - senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda. Målet for seminaret var å sette fokus på kunstnarane sine mange ulike møter med skulane.
Seminaret var i regi av Den kulturelle skolesekken (DKS) sentralt.
Korleis opplever kunstnarane disse møta? Kva tankar og erfaringar sit ein igjen med etter å ha vore på turné ute i skulane i regi av Kultursekken? Seanse inviterte til erfaringsdeling og dialog med dette som tema. Kunstnarane Anna Gjendem, Olla Rypdal, Svein Sæter, Are Pilskog og Heidi Rødstøl holdt fem interessante Pecha Kucha presentasjonar, der dei delte av sine erfaringar.
Marit Ulvund, senterleiar for Seanse, haldt eit innlegg om korleis slike møter gjennomførast i andre land, som til dømes USA, der kunstnarlærarar gjerne inngår lengre samarbeid med ulike samfunnsinstitusjonar. Ulvund stilte mellom anna spørsmåla: Kva slags form for kunstbesøk eller kunstprogram ønsker de å kome med til skulane? Kva treng skulane og samfunnet? Og kva slags samarbeid er de interesserte i?
Tilbakemeldingane frå kunstnarane i plenumsdelen, leia av Karstein Solli, var generelt at dei både kunne tenke seg samarbeidsformer av meir langvarig karakter, gjerne forankra i meir heilheitlege planar, men fortsatt også ha mulegheit til å gjennomføre korte besøk om dei ønska dette. Deltakarane på seminaret gav uttrykk for at skulane har bruk for større deltakelse gjennom å la elevane kunne få vere medskapande. Det var også eit uttalt ønske om fleire samarbeid mellom kunstnarane, om å skape rom for at kunstnarar kan få møtast og jobbe meir tverrfagleg, for å kunne reise saman i grupper med større prosjekt, gjerne knytt opp imot aktuelle tema.
Rita Slotterøy hadde ein presentasjon om korleis skrive gode søknadar, ei tilbakevendande problemstilling for mange kunstnarar som ofte søkjer på ulike stipend og prosjektmidlar.
Seanse - senter for kunstproduksjon er svært fornøgd med deltakelsen og gjennomføringa av seminaret. Tilbakemeldingane frå deltakarane var uttalt positive, der dei ser for seg fleire framtidige kunstnartreff, som vil gi tid og rom for vidare erfaringsdeling og mulegheit til å jobbe på tvers av sjanger og til utvida nettverksbygging. Det var ein entusiastisk og positiv gjeng som gjennom aktiv deltakelse var med og gjorde seminaret både innhaldsrikt og nyttig.
Kunstnartreffet i Molde var det fyrste i ei rekke av slike kunstnartreff, som Seanse - senter for kunstproduksjon har fått i oppdrag av DKS sentralt å gjennomføre over heile landet.
Tekst Rita Slotterøy