Symposium med utgangspunkt i Jostein Fet si forsking

14. og 15. oktober 2004 vert det skipa til eit symposium ved Nynorsk kultursentrum, Ivar Aasen-tunet med utgangspunkt i forskinga til Jostein Fet, forskar ved Høgskulen i Volda. <font-color="#3366ff">Program og påmelding</font>

I 1995 gav Jostein Fet ut Lesande bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840, der han mellom anna snur opp ned på standardoppfatningane om lesekunna til den norske allmugen i eldre tid. Tidlegare i år kom det frittståande framhaldet: Lesande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600 – 1850, der Fet går inn på kva bøndene skreiv i den aktuelle perioden.

Avdeling for humanistiske fag ved Høgskulen i Volda inviterer med dette til eit to-dagars symposium, 14. – 15. oktober 2004, med utgangspunkt i desse prosjekta. På denne måten ynskjer vi både å rette merksemd mot Fets banebrytande forsking og heidre han på etterskot i samband med 80-årsdagen i september. Programmet omfattar også ein open kulturkveld.

 

Påmelding

Sjå program og presentasjon av innleiarar  |  www.hivolda.no/symposium

Del på: