Biografien – ein potensiell humanistisk kjernesjanger?
Avdeling for humanistiske fag inviterer til gjesteforelesing med Knut Olav Åmås fredag 1. oktober kl 12.15 - 14.00 i Aud. Strøm 244. Åmås vil også ta del i eit arrangement i Aasentunet kl. 20.00 - 22.00. Sjå omtale og program.
For nokre veker sidan gav Knut Olav Åmås ut ein biografi om lyrikaren Olav H. Hauge: Mitt liv var draum. Med dette store arbeidet som bakgrunn går Åmås inn i ein aktuell debatt om biografien sjanger.
Medan biografien har nytt stor popularitet på bokmarknaden, har biografisk forsking gjennom mange år vore nærmast bannlyst innanfor akademia. Men kanskje dette er i ferd med å snu? I teorikapitlet i boka si skriv Åmås: ”Ein av dei djupaste grunnane til at sjangeren framstår som attraktiv for så mange lesarar, er menneskets ekte interesse for andre menneske, som spegel, kontrast og kjelde til innsikt. Biografien er ein sjanger som forfører, og den har mange fordelar når det gjeld å formidla historisk materiale. Det ligg ein vinst i å kunne formidla fortida med amatørperspektiv. Biografien på sitt beste kan vera noko av eit kjerneprosjekt i humanistisk gransking, fordi den etablerer fagoverskridande heilskapsperspektiv.”
Program fredag 1. oktober:
12.15-14.00 Høgskulen i Volda, Hans Strøm-huset, rom 244.
Biografien som sjanger
Foredrag ved Knut Olav Åmås, forfattar av Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge
Ordskifte
Ope for alle
Arrangør: Avdeling for humanistiske fag ved Høgskulen i Volda
20.00-22.00 Salen og kafeen
Mitt liv var draum
Forfattar og tidsskriftredaktør Knut Olav Åmås om diktaren, dagbokskrivaren og gartnaren Olav H. Hauge
Diktaren sjølv les i arkivopptak
Open kafé etterpå, der forfattaren signerer boka Mitt liv var draum.