Støtte til forskingsgrupper

Leiarar av forskingsgrupper ved Høgskulen i Volda kan søkje om midlar til aktivitet i forskingsgruppene. 

Forskingsgruppa skal vere ein fagleg arena for vitskapeleg tilsette ved HVO. For å få støtte må forskingsgruppa normalt ha minst seks primærmedlemar. Det er høve til å vere primærmedlem (teljande medlem) i inntil to grupper. Primærmedlemar i ei forskingsgruppe må vere tilsett ved HVO i minst 50% stilling. Støtta til forskingsgruppene vil ta utgangspunkt i både tal på medlemar og publiseringspoeng.

Retningslinjer for forskingsgrupper og forskingsgruppeleiarar ved HVO kan du finne her.

Det vert ikkje utlyst økonomiske midlar til forskingsgruppene ved HVO i 2026.

Søknadsskjema for støtte

Forskingsgruppene rapporterer årleg til Forskingsutvalet om aktivitetar og resultat i løpet av året. Ubrukte midlar vert inndratt pr. 1. januar.

Vilkår for støtte

Midlane til forskingsgruppene skal brukast til å styrke faglege aktivitetar, stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid og utarbeide søknader om eksterne forskingsmidlar.

For å få støtte må forskingsgruppene følgje krava sett i Forskingsutvalets sak 40/17 ved å: 

  • ha aktiv deltaking frå gruppa sine medlemar.
  • involvere masterstudentar og stipendiatar på fagfeltet i den grad det er mogleg.
  • vere oppført på HVOs nettsider med oversikt over formål, leiar, medlemar, aktivitetar og eventuelle prosjekt.

Forskingsgrupper