Forskingsgrupper

Forskingsgruppene ved Høgskulen i Volda skal bidra til å skape gode fagmiljø rundt tematiske område som kan vere både tverrfaglege eller fagspesifikke. Forskingsgruppene skal stimulere til nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid, og det er ei målsetting at dei utarbeider søknader om eksterne forskingsmidlar. 

Leiarane for forskingsgruppene kan søkje årleg støtte til aktivitet i forskingsgruppene.

Forum for forskingsgruppeleiarar

Forskingsadministrasjonen arrangerer eit forum for forskingsgruppeleiarar omtrent éin gong i semesteret. 

Neste treff:

Våren 2023. Forskingsgruppeleiarane vert kalla inn til treffa ved kalenderinnkalling. 

Tidlegare treff:

6. oktober 2022: Innspel til rolle, utvikling i tråd med strategiplan og utforming av støtteordning. 

3. februar 2022: Elaine Munthe, professor II ved AHL, delte erfaring frå og om forskingsgrupper.

16. desember 2021: Info om søknad om støtte til forskingsgrupper i 2022, rolla som forskingsgruppeleiar og engelske nettsider.