Skriftkulturar

Føremål

Høgskulen i Volda har lange tradisjonar for skriftkulturforsking, med eit særleg auge for den nynorske skriftkulturen. Forskargruppe for skriftkulturar tek utgangspunkt i denne forskingstradisjonen, og er open og inkluderande for alle som er interesserte i forsking på det skriftkulturelle feltet, og som vil delta aktivt i aktuelle prosjekt eller samarbeidstiltak. Forskargruppa har disiplinmessig breidde og femner om mediefag, samfunnsfag og humanistiske fag, samstundes som nynorsk skriftkultur står i sentrum – både direkte og indirekte gjennom ulike former for komparasjon.

Medlemer

Interne: Anders Aanes, Marit Brekke, Endre Brunstad, Birgitte Fondevik, Per Halse, Torgeir Dimmen, Hjalmar Eiksund, Guro Kristin Gjøsdal,Tor Arne Haugen, Geir Hjorthol, Stig Helset (leiar), Fredrik Hope, Gudrun Kløve Juuhl, Svenn Arve Myklebost, Anemari Neple, Hilde Osdal, Øystein Sande, Wenke Mork Rogne, Kristin Kibsgaard Sjøhelle, Hege Lende Sørbråten, Anne Marta Vadstein, Karoliina Sofia Visti, Marit Wadsten.

Eksterne: Ragnhild Anderson, Arne Apelseth, Geir Bakkevoll, Eli Bjørhusdal, Ingvil Brügger Budal, Lidun Hareide, Jens Haugan, Anna Kirsten Hellevang, Oddmund Løkensgard Hoel, Kirsti Lunde, Hege Myklebust, Britt Iren Nordeide, Sissel Paulsrud, Margun Rauset, Beatrice Reed, Magne Rogne, Audhild Rotevatn, Thea Røhme, Per Magnus Finnanger Sandsmark, Janne Sønnesyn, Øystein Vangsnes.

Aktivitetar

Ein-to gonger per semester skipar Forskargruppe for skriftkulturar til Fagleg forum, der vitskapleg tilsette, ph.d.-kandidatar, masterstudentar og andre som forskar på emne innanfor skriftkultur, får høve til å legge fram idear eller meir eller mindre ferdige utkast til artiklar, konferanseinnlegg eller forskingsprosjekt. Alle medlemer av forskargruppa vil få innbyding til å sende inn denne typen idear eller utkast til forskargruppeleiarane, som då vil setje det opp som tema for komande møte i Fagleg forum. Dersom det er tale om meir ferdige manuskript til artiklar eller konferanseinnlegg, kan forskargruppeleiarane vidaresende manuskriptet til dei andre medlemene i forkant av neste Fagleg forum, og samstundes finne ein eigna hovudkritikar. Ved mindre ferdigutvikla idear eller uferdige utkast til artiklar eller konferanseinnlegg, kan drøftingar og tilbakemeldingar kome direkte under forumet. Det er eit viktig poeng at terskelen for å leggje fram idear eller utkast skal vere låg.

Prosjekt

Forskargruppe for skriftkulturar har etablert ein eigen vitskapleg skriftserie kalla Skriftkultur, som blir publisert ein gong per år på Cappelen Damm Akademisk si digitale plattform Nordic Open Access Scholarly Publishing. Skriftkultur er tverrfagleg og legg vekt på kulturorientert skriftkultur/literacy, med eit særleg auge for det komparative perspektivet, men redaksjonen tek i mot alle typar manuskript som handlar om det skriftkulturelle feltet.

Artikkelmanuskript skal sendast som vedlegg til e-post til redaktørane. Det eine vedlegget skal vere ei anonymisert utgåve av manuskriptet i form av ei word-fil. Det andre vedlegget skal vere ei namngjeven utgåve av det same manuskriptet i form av ei pdf-fil.

Hovudspråket i Skriftkultur er nynorsk, og om ikkje anna er avtala, skal manuskript utformast i samsvar med gjeldande normal for dette skriftspråket. Redaktørane kan etter vurdering også akseptere manuskript skrivne på bokmål, andre nordiske språk eller engelsk.

Vi føreset at innsende manuskript er utforma i samsvar med forfattarinstruksen for skriftserien. Skriftserien praktiserer «dobbel blind» fagfellevurdering, der verken fagfellane eller forfattaren kjenner identiteten til kvarandre. I tillegg blir artiklane vurderte av redaksjonen, og endeleg avgjerd om publisering blir gjort av ansvarleg redaktør.
• Les Forfattarinstruks

Skriftkultur 1/2019 Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

Skriftkultur 2/2020 Vilkår for nynorsk mellom barn og unge