Disputerer på bruk av elevbøker i matte

Text: Per Arne Brandal

- Updated

Hilde Opsal er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og disputerar på doktorgradsprogrammet med spesialisering i matematikkdidaktikk ved Fakultet for teknologi og realfag ved Universitetet i Agder 22.mars. I avhandlinga «Bruk av elevbøker i matematikk på ungdomssteget: ein kasusstudie» har ho studert korleis elevane bruker elevbøker i matematikkfaget. Doktoravhandlinga er del av klasseromsprosjektet «Kvalitet i opplæringa» ved Høgskulen i Volda.

Slik omtalar kandidaten sjølv essensen i avhandlinga:

Bruk av elevbøker i matematikk på ungdomsskulen: ein kasusstudie

Elevbok i matematikk på ungdomssteget vart innført med L97 som eit pedagogisk tiltak først og fremst i læringsprosessen til kvar enkelt elev. Intensjonen var at ho skulle vere ein del av læringsprosessen i matematikk. I tillegg fekk elevane lov å bruke ho som eit lovleg hjelpemiddel på avgangseksamen i 10. klasse.

Fokuset i denne studien er på korleis elevar og lærarar arbeider med elevboka på ungdomssteget. Hensikta er å studere korleis ho er integrert i læringsaktiviteten i faget. Studien er del av klasseromsprosjektet «Kvalitet i opplæringa» ved Høgskulen i Volda. I dette arbeidet er både spørjeskjema og intervju av lærarar og elevar nytta.

Studien viser at å skrive for å lære matematikk ikkje er ein utbreiddd arbeidsmåte i faget. Likevel er elevar og lærar positive til elevbok, og ho vert opplevd som eit godt hjelpemiddel i faget. Mange elevar har elevboka på pulten når dei arbeider med matematikk og ho vert ofte brukt som eit hjelpemiddel på prøver. Lærarar uttrykkjer at ho kan gi elevar falsk tryggleik.

Der vert i denne studien konkludert med eit skilje mellom to ulike fokus på elevbøker. I det første, der prosessen med å lage elevbok er viktigast, er ho eit artefakt i læringsprosessen der eleven samtalar om matematikken gjennom tenkeskriving. I det andre, der produktet elevbok er viktigast, er hovudmålet å lage eit best mogeleg hjelpemiddel på prøver der skrivinga er hovudsakleg kopi av gjennomgang på tavla og avskrift frå læreboka. 

Sjølv om mange elevar uttalar at dei brukar ho aktivt som hjelp på prøver, viser mine data at fleire elevar har problem med å finne relevant informasjon i ho og gjere seg nytte av dette innhaldet. Hovudkonklusjonen er at elevboka ikkje er implementert i matematikkaktiviteten på ungdomssteget etter intensjonen omtala i offisielle dokument.

Tekst: henta frå Universitetet i Agder sine nettsider 
Foto: privat

Share on