Semestre

RET311 Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring

Emnekode: 
RET311
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2026 Haust
2027 Vår
Eksamenssemester: 
2027 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen krav til forkunnskapar utover opptakskravet.

Om emnet

Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning for lærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar. I fylgje nasjonale retningsliner må alle som skal vere praksislærarar i barnehagelærarutdanninga ha minimum 30 studiepoeng rettleiarutdanning. Praksislærarar i grunnskulelærarutdanninga må ha minimum15 studiepoeng. Studiet skal gi praksislærarar kompetanse i å rettleie studentar og gjennom dette bidra til å styrke praksisopplæringa i grunnutdanninga. Studiet er på 30 studiepoeng og er del i den rammefinanserte videreutdanningsordninga for studieåret 2026-2027.

Gjennom studiet får studenten omfattande kunnskap om, og innsikt i, eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing individuelt og i gruppe kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis. Eit viktig mål for emnet er at studentane utviklar eigne ferdigheiter som rettleiar og at dei kan reflektere over rettleiing og vurdering av studentar.Vidare er utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og kollektive læringsprosessar gjennom deltaking i profesjonelle læringsfellesskap sentralt.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

  • ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i lærarprofesjonen
  • korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i barnehage og skule
  • korleis ein kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap 
  • studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar
  • nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • nytte forskingsbasert kunnskap om rettleiing 
  • bruke ulike rettleiingsstrategiar og modellar for rettleiing
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • støtte og utfordre studentar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
  • analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar  
  • vurdere eigen rettleiingspraksis i eit lærings- og danningsperspektiv
  • utøve etiske vurderingar i samband med rettleiing
  • nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling 
Generell kompetanse

Generelt skal studentane:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytt til rettleiingsfeltet 
  • kunne analysere og drøfte teoriar og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
  • ha innsikt i korleis dei kan nytte seg sjølve som reiskap for å støtte lærarstudentar si utvikling av personleg og profesjonell kompetanse
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper der dei rettleier kvarandre og drøftar faglege tema. Studentane skal også rettleie på eigen arbeidsplass. Skriftleg rapportering frå arbeidet med rettleiing er ein viktig læringsstrategi i studiet.

Det er til saman seks fysiske todagarssamlingar fordelt over to semester. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Det vert i tillegg gjennomført undervisning og rettleiing på digitale plattformer tilsvarande ei samling. 

Vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar, videopresentasjon og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Arbeidskrav:

  1. Felles logg frå møta i nettverksgruppene med opplysningar om innhald og kven som var til stades. 
  2. Gjennomføring av fire rettleiingsøkter der studenten er rettleiar.
  3. To fagtekstar frå rettleiingsøkter på arbeidsplass og/eller i nettverksgruppene. 
  4. Presentasjon av, og fagleg refleksjon over, eit videoklipp frå ei rettleiingsøkt i nettverksgruppa for faglærar og medstudentar (gruppepresentasjon).
  5. Fagtekst med refleksjon over rettleiing av utviklingsarbeid i barnehagen. Plan for utviklingsarbeidet skal presenterast for medstudentar og faglærar. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Gerd Sylvi Steinnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Gruppe
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Eksamen er todelt:
Munnleg gruppeeksamen med utgangspunkt i videoopptak frå rettleiing i nettverksgruppene
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Individuell, skriftleg heimeeksamen over sju arbeidsdagar .
3500 ord
Godkjent av: 
Silje Ims Lied