Semesters

REL212N Fordjupingsoppgåve i religion og livssyn, nettbasert

Emnekode: 
REL212N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Religion, livssyn og etikk fordjupingsstudium, nett
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk (t.d. REL111N, REL112N, REL113N og REL114N) eller tilsvarande. I tillegg må studenten ta eitt valfritt emne på fordjupningsnivå anten før eller parallelt med REL212N.

Om emnet

Formålet med emnet er å gje studenten trening i å arbeide med ei større skriftleg oppgåve. Studenten skal fordjupe seg i eit tema, arbeide med ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur. Oppgåva skal som hovudregel knytast til eitt av dei teoretiske 200-emna. Oppgåva skal oppfylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Temaet skal vere fastsett i samarbeid med ein oppnemnd rettleiar. Til oppgåva skal studenten ha sjølvvalt litteratur på omlag 1000 sider. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget
  • ha spesialisert kunnskap om eit avgrensa område
Ferdigheiter
  • ha ferdigheiter i fagleg skriving
  • ha ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
  • kunne reflektere over eiga fagleg handsaming og justere denne under rettleiing
  • kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • kunne beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
  • ha ferdigheiter i dei ulike stega i skriveprosessen fram mot eit ferdig produkt
Generell kompetanse
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre aktuelle uttrykksformer
  • kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir gjeve eit kort kurs i oppgåveskriving og seminardeltaking i Canvas. Studenten får tildelt ein rettleiar. Omfanget av rettleiinga er avgrensa til tre –3– konsultasjonar. Det blir arrangert to obligatoriske oppgåveseminar i Canvas der kvar student skal leggje fram eit utkast av sitt eige arbeid, og der ho/han også skal vere kritikar til eit utkast av ein medstudent.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent deltaking på begge oppgåveseminara.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Knut-Willy Sæther
Emnet inngår i følgande studieprogram
Religion, livssyn og etikk fordjupingsstudium, nett
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Digital eksamen.Alle.8000 - 10000 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:Digital eksamen.
Hjelpemidler:Alle.
Omfang:8000 - 10000 ord.