Semestre

NYN301 Skriftkultur. Ei innføring

Emnekode: 
NYN301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Introduction to Literacy Studies
Emnenavn på bokmål: 
Skriftkultur. En innføring
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 

 

 

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Målet med emnet er å gje ei grundig innføring i den tekniske og sosiale historia til skrifta frå opphavet til den seinaste tida. Det gir også innføring i dei sosiale følgjene som skrifta har fått i ulike utformingar og samanhengar. Emnet tek vidare opp korleis skriftbruk i og skriftleggjering av sentrale samfunnsfunksjonar heng saman med modernisering, men også korleis skrift relaterer seg til makt og korleis innføring av skrift kan skape nye kulturelle og sosiale skilje. Den moderne nasjonen var dels eit produkt av skriftleggjorde talespråk. Ein vesentleg del av emnet handlar om korleis nynorsken frå Aasen og framover nettopp er døme på talespråkleg legitimering av eit skriftmål, samtidig som han i motsetning til bokmålet har følgt eit heller vanleg europeisk mønster for skriftfesting av eit talemål. Saman med emnet Vitskapsteori og metode (NYN302) gir dette emnet eit godt grunnlag til å ta valemna i mastergraden i nynorsk skriftkultur, og til å begynne på masteroppgåva.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om

  • kva ein skriftkultur er
  • den tekniske utviklinga av skrifta
  • korleis skrifta har danna grunnlag for ulike typar maktutøving og klasseforhold
  • korleis skrifta har fungert i høve til sosial modernisering
  • særtrekka ved den nynorske skriftkulturen
Ferdigheiter

Studenten kan

  • forklare grunndraga i utviklinga av skrifta frå dei første alfabeta og til den elektroniske kommunikasjonens tidsalder
  • kan plassere nynorsken i den allmenne skriftkulturhistoria
Generell kompetanse

Studenten kan

  • sjå og følgje argumentative trådar gjennom eit stort og uoversiktleg informasjonstilfang
  • samanfatte argument på ein klar og logisk måte
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Tre vekesamlingar med førelesingar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stig Jarle Helset
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
  • Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Skal skrivast på nynorsk.
Ingen.