Semestre
MEI315 Masteroppgåve i helse- og sosialfag (45 stp)
I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet, og det inkluderer dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302). Dei to obligatoriske emna må vere fullført med karaktersnitt C eller betre. Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).
Emnet Masteroppgåve er det avsluttande på Masterstudiet i helse- og sosialfag. Studiet skal gi studentane kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsmetoden som er valt for masteroppgåva
- Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
- Studenten skal ha omfattande kunnskap om feltet studenten vel å forske på
- Studenten skal ha forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
- Studenten skal ha god kunnskap om krav til akademisk skriving
- Studenten skal ha sjølvstendige ferdigheiter til å utvikle eit helse- eller sosialfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar
- Studenten skal kunne vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og vurdere eiga og andre si forsking
- Studenten skal ha gode ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
- Studenten skal kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur og kunne setje eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ein kritisk reflektert måte.
- Studenten skal i høg grad meistre akademisk skriving og skal kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar skriftleg og munnleg
- Studenten skal utvikle god kompetanse i å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Arbeidet med masteroppgåva startar medan ein tek emnet Forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane må ta del i seminar der dei legg fram sitt eige masterprosjekt og gir tilbakemelding på medstudentar sine prosjekt.
Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.
For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha bestått til eksamen i emnet Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Helse- og sosialfag - master (deltid)
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgåve | Individuell | 2 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter. | Alle. | 20.000- 30.000 ord | |
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 45 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast, inntil 45 minutt. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet. |