Semestre

JOR205 Journalistikk 5 for radio

Emnekode: 
JOR205
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Journalistikk 5 for radio
Emnenavn på bokmål: 
Journalistikk 5 for radio
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU102 Journalistikk 2
JOR203 Journalistikk 3 for radio
Om emnet

Dette emnet skal gi studentane praktisk røynsle frå medieredaksjonar og omfattar praksisførebuande seminar, ekstern praksis og eksamensproduksjon. Studentane skal gjennom praksisperioden nytte dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

- har kunnskap om redaksjonelt arbeid i nyheitsredaksjon

Ferdigheiter

- kan fylle reporterrollen i ein etablert redaksjon

- kan bruke journalistisk teori og metode til å lage ein journalistisk produksjon og til å reflektere rundt eige arbeid

- kan utvikle, planlegge og gjennomføre journalistiske prosjekt

- kan produsere sjølvstendige journalistiske arbeid

Generell kompetanse

- skal kunne arbeide sjølvstendig 

- skal kunne samarbeide med andre i ein redaksjon

- skal kunne reflektere kritisk rundt eige arbeid

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og 8 vekers ekstern redaksjonell praksis.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til avsluttande eksamen må studenten ha gjennomført ekstern praksis og fått godkjent praksisrapporten. Praksisrapporten skal vere på 1500 ord og leverast innan gitt frist.

I praksisrapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden, og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Jørgen Warvik Lyngvær
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal innehalde ein eksamensproduksjon og ein metoderapport.
Eksamensproduksjonen er eit eige arbeid innanfor radiomediet. Saka/reportasjen skal ha ei minimumslengd på eitt minutt og ei maksimumslengd på 6 minutt. Det bør vera fleire kjelder i saka. Studenten kan leggje fram stoff frå ekstern praksis som eksamensproduksjon. I metoderapporten skal studenten drøfte arbeidet med eksamensproduksjonen og legge fram si vurdering av produksjonen.

Mappa skal leverast innan gitt frist. Fristen går fram av eksamensplanen.
Ein førebels karakter på produksjon og rapport (mappa) vert kunngjort dagen før munnleg eksamen.
Rapporten skal til saman vere på 3000-5000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg vil normalt vere drøfting av eksamensproduksjon, metoderapport og pensum. Pensum er spesialiseringspensum og elles pensum frå kursa i journalistikk.
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn