Semesters

IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon

Emnekode: 
IPA303
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

I IPA 303 blir moderniseringa av offentleg sektor sett i lys av fleire faglege perspektiv og nyare forsking. Dette med sikte på å gjere studentane til reflekterte leiarar med kompetanse til tolke og analysere eigen situasjon og evne til kritisk og konstruktiv vurdering av ulike modellar og oppskrifter for organisering, leiing og kommunikasjon. Dei ulike perspektiva blir nytta til å drøfte samfunnsstyring, demokratiteori, leiingsteori, kommunikasjonsteori, organisasjonsteori, organisasjonsutvikling, modernisering av offentleg sektor og utforming av leiingsfunksjonen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
  • avansert kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for offentleg leiing og kommunikasjon
  • avansert kunnskap om ulike modellar og oppskrifter for offentleg leiing og kommunikasjon
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter til å

  • forstå utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
  • kunne anvende teoriar om offentlege organisasjonar på ein praktisk og kreativ måte
  • kunne vurdere ulike modellar for  leiing og kommunikasjon i offentleg sektor
  • forstå  leiing og kommunikasjon i offentleg sektor som dynamiske og kommunikative prosessar
  • kritisk kunne vurdere si eiga rolle som leiar
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • kritisk urdere ulike teoriar og modellar for offentleg leiing og kommunikasjon
  • kritisk reflektere over rolla som leiar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar med mandag som studiedag (førebuing, rettleiing, kollokvium m.m.) og med organisert undervisning frå tirsdag til og med fredag. I tillegg kjem ei repetisjonssamling på to dagar.

  • Samling 1: Veke 2
  • Samling 2: Veke 7
  • Samling 3: Veke 13

Samling 1: Utfordringar for og teoriar om offentleg sektor

På denne samlinga vert det lagt vekt på demokratiteori, politisk organisering, politiske prosessar, kva rolle offentleg verksemd har i samfunnet, samt kva verknader ulike organisasjonsformer har for oppgåveløysinga og for brukarane.

Samling 2: Organisasjonsteoriar og leiingsteoriar

På denne samlinga vert det lagt vekt på klassiske og nyare teoriar om organisasjonar og leiing.

Samling 3: Reformer , organisasjonsutvikling og avgjerdsmodellar

På denne samlinga vert det lagt vekt på teoriar og metodar for organisasjonsutvikling, trendar innan organisasjonsutvikling, samt modernisering av offentleg sektor. Avgjerder knytt til reformer blir tematisert.

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane.

Studentane får tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med læraren og med kvarandre.

Undervisninga vil i hovudsak gå føre seg på norsk.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Eksamen består av ei heimeoppgåve og ein heimeeksamen. Kvar student skal levere eit utkast til heimeoppgåva seinast søndagen i den andre samlingsveka. Utkastet skal innehalde ein disposisjon, ei innleiing med tolking og avgrensing av oppgåva, og ein presentasjon av aktuelle teoriar/modellar/omgrep. Utkastet skal vere på ca 1500 ord.

 

Evaluering og kvalitetssikring

Studentane vel tre representantar som saman med den emneansvarlege og ein annan frå instituttet utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte på kvar samling. Vi viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved HVO.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Alf Roger Djupvik
Lars Julius Halvorsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
AMF opne emne masternivå
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50Oppgåveteksten for artikkelen vert gitt ved starten av studiet. Det blir høve til innlevering av utkast heile semesteret som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering.
Oppgåva skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel som skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte.
Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
HeimeeksamenIndividuell2DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Oppgåveteksten blir gitt i slutten av semesteret og med frist på 53 timar for levering. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for oppgåva.Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50
Kommentar:Oppgåveteksten for artikkelen vert gitt ved starten av studiet. Det blir høve til innlevering av utkast heile semesteret som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering.
Oppgåva skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel som skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte.
Hjelpemidler:
Omfang:Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:2
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:Oppgåveteksten blir gitt i slutten av semesteret og med frist på 53 timar for levering. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 14.02.18