Semesters

IPA303 Offentleg organisering og leiing

Emnekode: 
IPA303
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

I dette emnet blir moderniseringa av offentlig sektor sett i lys av fleire perspektiv og nyare forsking med sikte på å gjere deltakarane til reflekterte leiarar med kompetanse til tolke og analysere eigen situasjon og evne til kritiske og konstruktiv vurdering av ulike modellar og oppskrifter for organisering og leiing. Dei ulike perspektiva blir nytta til å drøfte samfunnsstyring, demokratiteori, leiingsteori, organisasjonsteori, organisasjonsutvikling, modernisering av offentleg sektor og utforming av leiingsfunksjonen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Avansert kunnskap om utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
  • Avansert kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for offentleg organisering og leiing
  • Avansert kunnskap om ulike modellar og oppskrifter for offentleg organisering og leiing
Ferdigheiter
  • Til å forstå utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
  • Til å kunne anvende teoriar om offentlege organisasjonar på ein praktisk og kreativ måte
  • Til å kunne vurdere ulike modellar for organisering og leiing i offentleg sektor
  • Til å forstå organisering og leiing i offentleg sektor som dynamiske og kommunikative prosessar
  • Til å kritisk kunne vurdere si eiga rolle som leiar
Generell kompetanse

Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studentane oppnå kompetanse til:

  • Kritisk å vurdere ulike teoriar og modellar for offentleg organisering og leiing
  • Kritisk å reflektere over rolla som leiar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar med mandag som studiedag (førebuing, rettleiing, kollokvium m.m.) og med organisert undervisning frå tirsdag til og med fredag. I tillegg kjem ei repetisjonssamling på to dagar.

  • Samling 1: Veke 1
  • Samling 2: Veke 8
  • Samling 3: Veke 14

Samling 1: Utfordringar for og teoriar om offentleg sektor

På denne samlinga vert det lagt vekt på demokratiteori, politisk organisering, politiske prosessar og kva rolle offentleg verksemd har i samfunnet, og kva verknader ulike organisasjonsformer har for oppgåveløysinga og for brukarane.

Samling 2: Organisasjonsteoriar, leiingsteoriar og avgjerdsmodellar

På denne samlinga vert det gitt eit oversyn over klassiske og nyare teoriar om organisasjonar og leiing, for deretter å utdjupe dei ulike elementa som utgjer ein organisasjon.

Samling 3: Reformer og organisasjonsutvikling

På denne samlinga konsentrerer vi oss om teoriar og metodar for organisasjonsutvikling, trendar innan organisasjonsutvikling, og om modernisering av offentleg sektor

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering og for framlegging i klassa.

Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med læraren og med kvarandre.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Innlevert eigenvurdering. Studiet har obligatorisk frammøte i den første samlingsveka.

Evaluering og kvalitetssikring

Studentane vel tre representantar som saman med den emneansvarlege og ein annan frå instituttet utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte på kvar samling. Vi viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved HVO.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Alf Roger Djupvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
ASH opne emne masternivå
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering - deltid
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50Oppgåveteksten for artikkelen vert gitt ved starten av studiet. Det blir høve til innlevering av utkast heile hausten som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering.
Oppgåva skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel som skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte.
Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
HeimeeksamenIndividuell2DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Oppgåveteksten blir gitt i slutten av semesteret og med frist på 53 timar for levering. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for oppgåva.Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50
Kommentar:Oppgåveteksten for artikkelen vert gitt ved starten av studiet. Det blir høve til innlevering av utkast heile hausten som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering.
Oppgåva skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel som skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte.
Hjelpemidler:
Omfang:Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:2
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:Oppgåveteksten blir gitt i slutten av semesteret og med frist på 53 timar for levering. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 15.04.16