Semesters

IPA274 Arealplanlegging og GIS 2

Emnekode: 
IPA274
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

IPA173 eller tilsvarande og til saman minimum 30 studiepoeng.

Om emnet

Emnet er eit fordjupingsemne i arealplanlegging og GIS og bygger på innføringsemnet IPA173.  

Emnet skal gje ei forståing for planlegginga si rolle i samfunnsutviklinga som del av det offentleg forvaltingsapparatet. Konkrete arealplanprosessar vert lagt til grunn for undervisninga. Sentrale tema er GIS som verktøy for analyse, avgjerdstøtte og medverknad i planlegging samt plankonstruksjon. Metodikk for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse vert diskutert. Emnet er ein god basis for dei som skal arbeide i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal 

  • kunne presentere og skilje mellom ulike former for medverknad i planlegging 

  • kunne vise forståing for planlegginga si rolle i samfunnsutviklinga 

  • kunne vise forståing for konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) sin funksjon i planlegging 

  • ha kritisk kunnskap om GIS som avgjerdsstøtte 

  • kunne reflektere over bruk av GIS som kommunikasjonsverktøy i planleggingsprosessen 

  • ha inngåande kunnskap om GIS i eit medverknadsperspektiv  

Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne utarbeide eit medverknadsopplegg for ein planprosess og presentere dette i eit planprogram 

  • kunne utarbeide ei enkel konsekvensutgreiing (KU) 

  • kunne gjennomføre GIS-analyser og enkel plankonstruksjon   

  • kritisk kunne reflektere over GIS som avgjerdsstøtte i planprosessar 

  • ha øving i samarbeid om praktiske arealplanoppgåver 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne gjennomføre grunnleggande oppgåver innanfor arealplanlegging etter plan- og bygningsloven

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar, vert det gitt rettleiing i samband med øvingar, utarbeiding av arbeidskrav og semesteroppgåve.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

 To  arbeidskrav må vere godkjent for å få gå opp til eksamen. Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid, og ein tekst på omlag 1200 ord +/- 10%. Arbeidskrava skal løysast i gruppe.

 

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Kjersti Straume
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Semesteroppgåve over oppgitt tema. Oppgåva skal bestå av kart og ei tekstutgreiing på om lag 2000-2500 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Semesteroppgåve over oppgitt tema. Oppgåva skal bestå av kart og ei tekstutgreiing på om lag 2000-2500 ord.
Godkjent av: 
Randi Bergem 25.02.2021