Semestre

INF142 Arbeidsliv og kommunikasjon i praksis

Emnekode: 
INF142
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2027 Vår
Eksamenssemester: 
2027 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Dette emnet byggjer på innføringskurset i PR og kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvingar (INF131). Teoridelen gir innsikt i planlegging og leiing av prosjektarbeid gjennom bruk av døme frå arbeidslivet. Openheit i organisasjonar, demokratiske arbeidslivsprinsipp og framtidskompetanse er også ein viktig del av emnet for å styrke studentane si forståing av etikk, kommunikative ideal og moderne krav i arbeidslivet. Det vert gjeve tilbod om ein fagleg ekskursjon med besøk til aktuelle PR- og kommunikasjonsmiljø.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om modellar om prosjektarbeid
  • har grunnleggande forståing om krav og plikter i moderne arbeidsliv
  • har kunnskap om prinsipp for openheit, transparens og demokratiske arbeidslivsprinsipp, og forstår korleis desse påverkar internkommunikasjon og etisk praksis i det moderne arbeidslivet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan leie, planlegge, gjennomføre og presentere eit mindre kommunikasjonsprosjekt forankra i relevant teori
  • kan identifisere, vurdere og fremje openheit og transparens gjennom internkommunikasjon
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan organisere, delta i og leie ei prosjektgruppe
  • kan drøfte problemstillingar knytt til tverrfagleg samarbeid i arbeidslivet
  • kan nytte ulike verkty for å utvikle idéar, analysere/nytte design og for å visualisere kreative konsept
  • kan reflektere over og bidra til ein inkluderande, etisk og demokratisk arbeidskultur, der openheit, transparens og kommunikative ideal står sentralt
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, skriftlege og praktiske oppgåver. Det er obligatorisk deltaking under gjesteførelesingar og i praktiske øvingar, samt framføringar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Obligatorisk deltaking under gjesteførelesingar, i praktiske øvingar og framføringar
  • Oppmøtekravet er minimum 80 prosent deltaking

Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6 Obligatorisk aktivitet – frammøte og deltaking

Arbeidskrav:

  • Godkjend deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet
  • Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kristian Fuglseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100 %
Refleksjonsnotat
2000–4000 ord