Semestre

IDK153N Programmering i musikkundervisning

Emnekode: 
IDK153N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2027 Vår
Eksamenssemester: 
2027 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Dette emnet gir ei innføring i programmering for bruk i musikkfaget i skulen. Ved å trekke linjene til musikkfaget sin teknologiske tradisjon, har faget som mål å kople det etablerte med det nye i musikkfaget etter LK20. Grunnleggande prinsipp i programmering vert introdusert både for å kunne oppleve, lage og utøve musikk. Emnet vil også kople didaktiske perspektiv frå programmering med didaktiske perspektiv frå musikkfaget og gjennom eit utviklingsarbeid vil studenten i emnet jobbe målretta med sin pedagogiske praksis. Studentar kan velje å fordjupe seg i programmeringsmiljø og programmeringsspråk relevant for eigen praksis (undervisningskontekst), t.d. tekstbaserte miljø for ungdomstrinn eller vidaregåande skule, blokkbaserte programmeringsmiljø eller programmering utan datamaskin for små- og mellomsteget i barneskulen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • er kjent med kvifor og korleis programmering kan vere ein del av musikkundervisning
  • har god kjennskap til grunnleggjande element i programmering for bruk i eigen undervisningskontekst.
  • har kunnskap om programmeringsdidaktikk relevant for undervisning i musikk
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge, utforme og feilsøke programkode for å lage og utøve musikk i eit undervisningsrelevant programmeringsmiljø
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid knytt til programmering og eigen musikkundervisning
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektere over musikkundervisning sett i lys av teknologisk utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt eller i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i skapande og utøvande musikkpraksis.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Ingen. 

Arbeidskrav:

I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav som vert spesifisert i semesterplanen. Arbeidskrava kan utarbeidast og innleverast individuelt eller i grupper, etter avtale med emneansvarleg. Omfanget på arbeidskrava vil svare til 1500 ord (+/- 10%) som skrift, eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Ved gruppeinnlevering aukar omfanget med 750 ord eller 3,5 minutt, per student frå og med student nr.2. Arbeidskrava utgjer grunnlaget for eksamensmappa. Sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7. 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Studieavgift

Kr. 2.000,-. 

VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld utdrag frå arbeidskrava i emnet, med refleksjon knytt til utval og korleis arbeidskrava er vidareutvikla til eksamensprodukt. Levering av eksamen som gruppe skal avtalast med emneansvarleg i samband med innlevering av arbeidskrav.