Semestre
ENG207 Engelsk ordkunnskap og ordlæring
60 stp.:
ENG141 Grammatikk og leksikologi
ENG143 Fonetikk og variantar av engelsk
+ minst to av dei følgjande emna -- a) ENG142, b) ENG144 eller c) EXP100 (10stp.) og REL142N (5 stp.)
(eller tilsvarande)
Engelsk ordkunnskap og ordlæring gjev studenten avansert kunnskap om engelsk leksikologi og morfologi: kva ord er, kvar dei kjem frå, korleis dei er strukturerte og korleis dei blir lærte. Emnet ser på desse temaa frå eit hovudsakleg kognitivt perspektiv; det vil særleg bli lagt vekt på korleis informasjon om ord er organisert i minnet, og korleis ordtilfang blir tileigna av både første- og andrespråksbrukarar. I tillegg førebur emnet studenten på sjølvstendig vitskapleg arbeid, både innanfor dette feltet og generelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten inngåande kunnskap om:
- engelsk leksikologi: ordopphav, -struktur, -tyding, og relasjonar mellom ord
- historia til ordtilfanget i engelsk, og korleis denne speglar engelsk språk sitt historiske opphav og multikulturelle posisjon
- morfologisk struktur og mønster i engelske ord
- korleis morfologisk struktur speglar semantisk innhald og kan nyttast til å tolke ukjende ord
- tileigning og utvikling av ordtilfang, med vekt på likskap og skilnad mellom eit første- og andrespråksperspektiv
- korleis ord og informasjon om ord er strukturert og organisert i minnet
- akademisk skriving
Etter fullført emne kan studenten:
- syne og reflektere over korleis ein kan bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjente ord
- drøfte korleis form og mønsterdanning i engelske ord speglar dei multikulturelle røtene til det engelske språket, og engelsk si rolle som eit verdsomfattande lingua franca
- bruke kunnskap frå emnet til å forbedre eiga læring og forståing av ord
Etter fullført emne kan studenten:
- bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte med evne til refleksjon og kritisk tenking
- halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle og forskingsretta kompetanse
- kan forstå og halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Frammøtekrav:
Det er krav om minimum 70% frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6 Studentane skal delta aktivt i undervisinga.
Arbeidskrav:
- Halde eit seminarinnlegg over avtalt tema innan engelsk vokabular, og vere opponent på innlegget til ein medstudent.
- Eit førsteutkast til eit individuelt essay. Tema for dette essayet må vere drøfta med og godkjent av emneansvarleg. Endeleg versjon av oppgåva blir levert som del av endeleg eksamen.
Kvar student har rett til eitt rettleiingsmøte, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet.
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Engelsk - fordjupingsstudium
- Språk og litteratur - bachelor
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei skriftleg oppgåve basert på innlevert førsteutkast | Bruk av KI er ikkje tillate | 3000 ord | |
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Den munnlege eksamenen inkluderer spørsmål om/frå den skriftlege oppgåva samt frå pensum og førelesingar | Den innleverte oppgåva |