Semestre
ANI205 Animasjon 5
Alle må fullføre ANI113, ANT101 og ANT102 for å kunne ta emnet. I tillegg må anten ANI201 eller ANI202 vere fullført.
Dette emnet strekkjer seg over to semester, og går ut på planlegging og gjennomføring av eit større, sjølvstendig animasjonsprosjekt. Dette kan vere alt frå klassisk forteljande film til eksperimentelle uttrykk, dokumentar, informasjonsfilm, interaktive produksjonar osb.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha forståing av:
- produksjonsprosessen som ligg bak eit animasjonsprosjekt 
- animasjon si rolle både som underhaldning, opplysing og kunstnarleg uttrykk 
- prosjektet sin plass i animasjons- og mediebransjen, og relatere det til kva rolle ein ønskjer å spele i denne 
- korleis analysere eige arbeid 
Studenten skal kunne meistre å:
- ha hovudansvaret for planlegging og gjennomføring av eit større animasjonsprosjekt 
- utføre ein produksjon som er relevant til animasjonsprofesjonen, og til festsett tid 
Studenten skal:
- forstå animasjonsfilmen si rolle i samfunnet og vere med å vidareutvikle mediebransjen
- kunne samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt 
- kunne kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø 
Sjølvstendig arbeid eller gruppearbeid. Kvar eksamensproduksjon får tildelt ein rettleiar som følgjer prosjektet fram til eksamen. Høgskulen kan også arrangere relevante arbeidsverkstader eller kurs som tilbod til studentane.
- Studenten skal pitche idé for prosjektet og i løpet av haustsemesteret framleggje manus, storyboard og produksjonsplan. 
- Studenten skal utarbeide og levere liste over sjølvalt pensum. Dette skal godkjennast av rettleiar. 
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Animasjon - bachelor
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang | 
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamensproduksjon: Det settes ingen formell begrensning i forhold til lengde eller innhold Metoderapport: 4000 - 5000 ord | ||||
| Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Muntlig eksamen tar utgangspunkt i eksamensproduksjonen med metoderapport og pensum i Animasjonsteori 1 - 4 og Animasjon 5. Muntlig eksamen justerer karakteren. | 
Studenten skal alene eller sammen med en eller to andre studenter ha gjennomført en større eksamensproduksjon. Studenten skal gjennom dette arbeidet vise at hun/han har kunnskaper som kreves for å planlegge og gjennomføre til fastsatt tid en produksjon med profesjonelle krav til innhold og utførelse. Til eksamensproduksjonen skal det skrives en metoderapport på som skal inneholde en drøfting av og refleksjon om produksjonen.